Kultur | 18. mars 2013

70 år i mannskoret

Blei heidra på årsfest: Henrik Eidvik har vore medlem i Os Mannskor i 70 år.

70 år i mannskoret
Norges Korforbund måtte laga sin første 70-årsdiplom då Henrik skulle heidrast. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. mars 2013 09:49

På årsfesten til Os Mannskor 9. mars blei Henrik Eidsvik heidra for 70-års medlemskap i Os Mannskor.

Om det ikkje er verdensrekord så er det i alle fall Os-rekord, Henrik si historie i Os Mannskor er mest som eit eventyr.

Henrik Eidsvik si historie er også i stor grad ein del av Os Mannskor si historie. Os Mannskor var 18 år då Henrik blei medlem og i 2015 feirer Mannskoret 90 år.

Henrik var 14 år då han i september 1943 søkte om medlemskap saman med to andre ungdomar, Birger Rossvoll og Lars Moberg. Henrik Lyssand var dirigent og alle «gamlingane» i koret måtte rømma salen for at ungdomane kunne prøvesynga for Henrik i Heien.

Alle tre blei plasserte i tenoren, og der har Henriken funne sin plass i alle år seinare.

Men så måtte Henrik Lyssand med familie rømma på «skogen», det vil seia i Hålandsdalen, og det blei ein pause i korsongen. Men Henrik har vore aktiv i alle år og var med i styret i «åravis», som han seier. I 1958 var han formann, men nekta attval, men han var også kasserar i ein periode. No er han revisor i koret.

At Henrik set pris på koret har han vist ved at han nyleg har kjøpt eit flunkande nytt elektrisk piano til koret.

På årsfesten fekk Henrik Norges Korforbund si 70-årsmedalje med diplom.

Det høyrer med til historia at korforbundet måtte få denne medaljen spesiallaga, då dei ikkje hadde liggande denne typen medalje.

Formann Terje Skutlaberg overrekte medaljen og diplomet.

Han overrekte også medaljar og diplom til fire andre staute medlemmar for 40-års medlemskap: Audun Ebbesvik, Erling Herheim, Trygve Skorpen og Harald Aasen.

To medlemmar fekk medalje for 25-års medlemskap: Snorre Birkeland og Thore Lunde.

Elles hadde koret ein fin årsfest der koret framførde ein del songar, og sjølvsagt «prøvesong» nye songar som er under innøving, for eit kritisk panel av koner og liknande.

Koret sin nye dirigent Marius Dale Romslo dirigerte med stor entusiasme!

Os Mannskor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.