Kultur | 23. mai 2019

733 deltok på Lysøen rundt

Museet Lysøen har starta sesongen. Andre opningsdag blei ekstra folksam og no til helga er det fire konsertar.

733 deltok på Lysøen rundt
Både øya og Ole Bulls villa hadde mange gjestar på søndag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. mai 2019 12:27

Bildeserie:

Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Maria Bos (t.h.).
Maria Bos (t.h.).
1 av 4
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Lysøen rundt 2019.
Maria Bos (t.h.).

Museet Lysøen opna, tradisjon tru, sesongen 18. mai. Frå laurdag og første del av sesongen går skyssbåten «Ole Bull» i rutetrafikk kvar dag, med omvising kvar time.

Søndag 19. mai blei ein ekstra folksam dag, då var det tid for Lysøen rundt for 26. gong.

– Vi hadde heile 733 deltakarar som tok marsjen, fortel Marie Bos frå Lysekloster il si friddretssgruppe.

Idrettslaget arrangerer marsjen saman med Lysøens venner. Båten «Ole Bull» tar 40 passasjerar per tur. I tillegg var det ein del lokale deltakarar som kom med eigen båt.

– Marsjen har fleire faste deltakarar som reiser frå andre delar av fylket, som Sotra, Askøy og Nordhordland. Og det var gjestar på museet, frå Voss, Austlandet og utlandet som ikkje visste om marsjen, og blei noko overvelda over kor mykje folk som var på Lysøen denne dagen.

Pins og quiz

Marsjen bruker 4 av dei 13 kilometerane med natursti på øya.

I forsøk på å laga spørsmål med svar som ikkje var enkle å finna på internett, landa arrangørane på ein litt vanskeleg natursti i år.

– Ingen hadde rett på alle 8 spørsmåla, men det var ein del som hadde 7 av 8.

Det blir delt ut pins i ulike fargar og former ut frå kor mange marsjar du har gått. Frå marsj nummer 11 blir pinsen firkanta, frå marsj nummer 21 blir den trekanta.

Sommarprogram med musikk og aktivitetar

Neste planlagde aktivitetsdag på øya er ein gratis familiedag, «Lysøen i rykk og napp», 30. juni.

Før den tid er det ei rekkje konsertar.

Dei to neste helgene kjem i alt åtte Festspillene-konsertar med desse musikarane: Noah Bendix-Balgley m/Christoph Traxler, Marianne Thorsen og Håvard Gimse, Ye-Eun Choi m/Dmitry Shishkin og Annar Follesø & Wolfgang Plagge.

15 og 16. juni blir meir lokal, med konsertar av Lysekoret den eine dagen og Langhaugen videregående skole den neste. Sankthansaftan kjem Arve Tellefsen og Knut Buen med fleire.

Gjennom juli og august går suksess-serien «Trollbundet av Ole Bull» kvar søndag.

Sesongen, som varer ut september, blir runda av med skattejakt for born, aktivitetar på Kom deg ut-dagen, konsert med elevar frå Bjørnafjorden kulturskule og sopptur i samarbeid med Sopp- og nyttevekstforeningen i Bergen og Lysøens venner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.