
9. plass til Frode
Laurdag var siste sjanse til å ta medalje i handbak-VM i Las Vegas. Fire av dei seks osingane som deltar kjempa i går med høgre arm, beste resultat blei Frode Veim Haugland sin 9. plass (80 kg), ifølgje resultatlista på WorldofArmwrestling.com.
Øyvind Birkeland kom på 13. plass (85 kg), Tore Matre på 20. plass (90 kg) og Are Strønen på 20. plass (100 kg).
I VM i handbak i Italia i fjor reiste Arne Thuen heim med to sølvmedaljar, Frode Veim Haugland, Are Strønen og Øyvind Birkeland fekk ikkje medalje.
Andreas Fagerthun (junior 80 kg) sin 5. plass med venstre og 6. plass med høgre blir saman med Arne Thuen sin 5. plass (grand master 90 kg) dei beste resultata.
Dei fire seniorane frå Os har også kjempa med venstre arm (fredag). Frode kom på 8. plass (80 kg), Tore på 13. plass (90 kg) og Øyvind på 12. plass (85 kg).
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no