Kultur | 12. nov. 2014

90-tals ikon er tilbake

Mestertullingane Harry og Lloyd er tilbake i Dum og Dummere 2, 20 år etter den ville mopedturen deira til Aspen.

90-tals ikon er tilbake
Jim Carrey og Jeff Daniels er tilbake som Lloyd og Harry. Foto/Copyright: SME / SF Norge AS
Kari M. Lyssandonsdag 12. nov. 2014 07:42

På Bygdekinoen sundag blir det for mange eit etterlengta gjensyn med to av dei vittigaste karaktarane frå 90-talets filmverd.

Første gong vi møtte Lloyd og Harry var i 1994 då dei reiste ut på ei ellevill ferd til byen Aspen, delvis i ein bil som såg ut som ein hund, delvis på ein moped der han eine fraus meir på nevane enn han andre.

Hundebilen er tilbake, det same er Jim Carrey og Jeff Daniels i rollene som dei to bestekompisane.

Denne gong har dei fått veta at Harry har ei vaksen dotter der ute og dei legg ut på ei reise for å finna Harry sitt ukjente barn.

Den reisa går ikkje heilt som planlagt for dei to meistertullingane.

Det er Farelli- brødrene som igjen står for regien og i tillegg til Jim Carrey og Jeff Daniels finn vi skodespelarar som Kathleen Turner, Laurie Holden og Rob Riggle på rollelista.

Filmen startar klokka 19:00 og har 11 års aldersgrense.

Bokstrollene

For dei litt yngre kjem filmen som er basert på barneboke "Here be monsters" av Alan Snow.

Bokstrollene er ein morosam fabel som ha handling i Ostebro - ein snobbete Victoriansk by der alle er besatt av rikdom, klasse og dyre stinkande ostar. Under brusteingatene bur Bokstrollene, små monstre som kjem fram om kvelden og stjeler det bebuarane er aller mest glad i; borna deira og ostene deira.

I allefall er det det folk trur.

Eigentleg er Bokstrollene små, sjarmerande skapningar som bur i underjordiske tunellar og har på seg resirkulerte pappesker.

Aldersgrense er 7 år og filmen startar klokka 16:00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.