Kultur | 17. sep. 2011

ABO feira 25 år

Arkitektane sparte ikkje på noko då dei skulle feira jubileet. Men sånne festar har dei ikkje alltid hatt råd til.

ABO feira 25 år
ABO-grunderane (f.v.) Oddvar Lyssand, Bjørn-Atle Drange, Rigmor Sletnes og Jan Haaland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. sep. 2011 07:06

Bildeserie:

1 av 9

Torsdag kveld feira Abo Plan & Arkitektur AS 25-årsjubileet deira i Oseana. Kundar, samarbeidspartnarar, tilsette og tidlegare tilsette fekk servert ein god porsjon av både mat og underhaldning.

Men livet til ABO-gjengen har ikkje alltid bestått av skaldyrsuppe og møyrt hjortekjøt, skal vi tru grunnleggarane.

– Vi fekk ein god start i 86', men krisa i starten av 90-talet, då botnen forsvann ut av marknaden var nær på å ta knekken på oss. Vi løfta kvar stein for å finna oppdrag i dei kraftige nedgangstidene, seier Rigmor Sletnes.

Abo har no 23 tilsette, omsette for over 27 millionar kroner i fjor og har hatt eit overskot på over ein million kroner fleire år på rad.

Os og Bergen

ABO sto frå starten av for Arkitektkontoret Bergen Os. Ekteparet Rigmor og Jan Haaland jobba saman, Oddvar Lyssand hadde kompanjong i Bergen og Bjørn-Atle Drange dreiv åleine.

– Vi blei som laksen, vi vile heim til vår eiga elv, forklarar Jan.

VIDEO: Sjå nokre sekund med Os Vocalis - og litt musikk av Jan Haaland

Talarar seinare på kvelden gjorde nummer av dette, korleis ABO ville ha det beste av to verdener; tena pengane sine i Bergen, men ha kontor og nyta arbeidsdagen sin heime på Os.

Hoffleverandør

Og heimbygda har ABO sett sit preg på. Bustadfelta Prestegardsskogen sameige og Kuhnle sameige var blant dei første store prosjekta til Abo, og seinare har det blitt både Stegen 2, Peppes Pizza, ekspedisjonsbygg på Halhjem ferjekai og bu- og næringslokala «Vindu mot Fjorden». Med meir.

– Ei stund var det som at folk lurte på om de hadde blitt hoffleverandør til kommunen, «skal ABO teikna det òg»? var kommentarn, sa Søviknes då ordet blei fritt.

– No, mange år seinare, er det også involvert i fleire store prosjekt i Os. Men eg føler at tonen er ein annan. Osingane er stolte over Abo Plan & Arkitekter, både som formgjevar rundtom i Bergen og Noreg og som firma og arbeidsgjevar lokalt i Os.

Abo-rigines

Dagleg leiar Lars Christensen og styreleiar Anne Gine Hestetun fortalte om dei mange fagområda Abo med sine 23 tilsette har.

– Det er ein vital 25-åring som sit her i Oseana i dag. Dei har ein velsigna jordnærheit og humor, og dei er rause, kreative sterke personlegheitar kvar enkelt, sa Hestetun, som også brukte delar av taletida si på å synga ei lita sogne-vise.

Abo endra namn frå arkitekter til plan og arkitektur etter at Hestetun kom inn i styret.

Tidlegare styreleiar, tidlegare tilsette og tidlegare rekneskapsførar var blant dei som heldt tale. Innimellom vitsane til verskapen Bjørn-Atle Drange og Oddvar Lyssand.

Tidlegare rekneskapsførar, Leif Ragnar Tveit, snakka i sin tale om alle som hadde jobba i selskapet lenge, abo-rigiene, og om det blomstrande miljøet i abo-retet.

Haaland på scenen

Det var ikkje berre Tveit som var underhaldande denne kvelden, frå taffelmusikken til Anne Leni Sæbø Søfteland, korsong ved Os Vocalis og kåseri av Jimmy Øvredal (som fekk særleg rådmann Knut Terje Rekve til å le seg krokete), til Øyvind Offerdal sitt samanhengande vitsemaraton, berre avbroten av nokre koselege små bergensviser.

Abo har auka frå fire eigarar til ni partnarar som eig like mykje, Haaland, Sletnes, Drange og Lyssand har no Øyvind Bugge, Alice Bigom, Øyvind Bugge, Lars Christensen og Sjur Frimann Hjeltnes med seg på eigarsida.

Ein av grunnleggarane, Jan Haaland, blei lokka opp på scenen av Offerdal.

– Eg er blant dei som har slåss mest i Fjellheim opp gjennom åra, og medan eg slåss var det ofte Tornado som sto på scenen. Om vi har ein frå bandet her i salen så får han koma opp og ta ein trall, sa Offerdal.

Haaland, som er blant dei som meinte at «klarer vi dette så klarer vi alt» om situasjonen i starten av 90-talet, fann Bob Dylan låta «Times they are changing» passande for kvelden. Men han song òg om flotte damer i Mobergsvikjo.

22 av 23 tilsette fekk med seg den flotte festen i Oseana. Internt har 18 av dei tilsette feira juibleet ved å gå Skåla Opp. Dei skal òg til London på tur, der blir det minst 18 som er med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.