Næringsliv | 25. apr. 2017

ABO kjøper arkitektkontor på Stord

I fjor starta dei eige selskap på Stord, no har ABO frå Os kjøpt Plan Vest AS.

ABO kjøper arkitektkontor på Stord
ABO Plan & Arkitektur har kjøpt Plan Vest AS. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. apr. 2017 12:56

ABO Plan & Arkitektur AS har denne veka inngått avtale om kjøp av 100 prosent av aksjane i Plan Vest AS.

– Avtalen er ein del av ei langsiktig og heilskapleg satsing i ABO på tenesteproduksjon innan plan- og arkitekturfaget i alle prosjektfasar, skriv ABO i ei pressemelding i dag.

Plan Vest AS er eit kjent og veletablert konsulentmiljø på Stord med 7 tilsette innan areal- og samfunnsplanlegging, kommunalteknikk, vegplanlegging og- prosjektering, samt landskapsarkitektur. Selskapet vart stifta i 1996. Knut Vikestrand har vore med på eigarsida sidan oppstarten, dei siste 13 åra saman med Liv Kari Eskeland.

– Plan Vest og ABO sine fagområde utfyller kvarandre på ein svært god måte. For ABO er dette eit godt høve til å sikre og vidareutvikle spisskompetanse innan veg, vatn og avlaup, samt landskapsarkitektur og arealplanlegging.

Over 40 tilsette

Det var i juli i fjor at ABO Stord blei stifta. No er ABO yttarlegare styrka i sør.

– Det er ein målsetnad å bli ein solid og kompetent leverandør i Sunnhordland og på Haugalandet, i tillegg til at ABO sin kapasitet i Os- og Bergensområdet blir styrka.

Dagleg leiar i ABO, Arne Kristian Kolstad, fortel til Midtsiden at ABO Stord no flyttar inn hos Plan Vest AS.

– Dei to skal på sikt bli eitt. Det skal vi i grunnen alle tre, ABO skal framstå samla som éitt firma, men brei og god kompetanse.

Saman med morselskapet på Os har ABO no godt over 40 tilsette.

ABO Plan & Arkitektur AS på Os vart stifta i 1986 med føremål å tilby rådgjevingstenester innan ulike delar av den totale fysiske samfunnsplanlegginga.

– Bevisst satsing på ulike typar oppgåver har alltid vore ein føresetnad for brei kompetansebygging gjennom 31 år. Sidan starten har kontoret vokse jamt og trutt, og i dag tel ABO 35 dyktige medarbeidarar med ulik erfaringsbakgrunn og alderssamansetnad.

Karoline Eldøy held fram som dagleg leiar av ABO Stord. I tillegg vil Turid Verdal og Terje Vikestrand driva Stord-kontoret. I alle prosjekt der det er relevant, legg ein opp til tett og saumlaust samarbeid mellom dei to kontora på Os og Stord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.