Kultur | 13. nov. 2017

Aggi (85) med åtte nye bilder

Aggi Folgerø Johannessen med nye bilder og klare meiningar.

Aggi (85) med åtte nye bilder
Aggi Folgerø Johannessen er i full sving med å henge opp utstillinga i Hvelvet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 13. nov. 2017 14:34

Laurdag opnar Aggi Folgerø Johannessen (85) separatutstilling i Hvelvet på Oseana. Med seg har ho eit hav av bilder, åtte av dei malt i løpet av det siste halve året og aldri vist offentleg før.

– Du veit denne utstillinga blei bestemt for omlag to år sidan, så kom utstillinga på Galleri S E i Bergen innimellom. Då blei det litt tett.

– Eg hadde ikkje lyst til berre å ta den retrospektive utstillinga frå Galleri S E opp her, men måtte jo ha noko nytt, så då blei det åtte nye bilder då. Det har vore veldig kjekt og veldig hektisk, men no føler eg at eg er ferdig og klar, smiler den spreke 85-åringen.

– Ta med skisseboka

Karriera starta allereie då ho var 12-14 år gamal, heime i Stavanger.

– Vi hadde alltid papir og blyant i huset. Det var min far som meinte bestemt at eg hadde talent for dette og sendte meg tidleg på Stavangerske maleskule.

Når ho får høyre at kulturskulen starta med visuelle fag i haust, med elevar som er like gamle som ho sjølv var då ho starta på den kunsanerlege vegen, kjem ho raskt med ei oppfordring.

– Kom på utstillinga og ta med dykk skissebok og blyant. Det var slik eg sjølv gjorde det og slik eg gjorde det med elevane eg hadde i Bergen. Dei tok eg med på Stenersensamlinga, så skissa dei etter Piccasso og andre verk som var utstilt der.

Kritisk til manglande kunst i skulen

Nettopp elevar og at barn og unge skal få utfolda seg visuelt er noko som opptek den røynde kunstnaren.

– Eg har alltid vore interessert i å lære frå meg. På 80- og 90-talet var eg ti år i København på ei kulturskule der. Då eg kom tilbake til Bergen møtte eg ein gjeng på ei utstilling i Bergen kunstforening som lurte på om eg kunne lære dei grafikk. Det kunne eg jo, så dei blei med til atelieret på Bryggen. Det kom fleire til og eg blei etterkvart beden om å undervisa i kulturskulen. Eg sa at eg heller ville gjera det i skulen med 5. og 6. klassingane.

– Vi måtte jo ta dei der der var før dei mista interessen. På den tiden var det læreplanen frå -97 som gjaldt og ein skulle utdanna heile menneskje. Det var også då eg skreiv læreboka Grunnbok i billedskaping, som blei brukt på fleire lærarhøgskuler.

– Eg meiner det er synd at kunsten ikkje lenger er ein sentral del i skulen og at ikkje det lenger er ein obligatorisk del av lærerutdanninga. Då eg underviste 5. og 6. klassingane så satte dei alltid opp verka langs veggen, så skulle elevane sjølv seie kven dei meinte hadde treft best på oppgåva. Ikkje kven av dei som hadde malt finast, men kven som hadde treft best. Det var alltid Gaute. Han hadde det intuitivt i seg. Han hadde eit fantastisk tak på det visuelle uttrykket, sjølv om han sleit i andre fag som rekning, lesing og skriving. Eg meiner kunsten er med på å fremje kreativiteten, som ein òg treng i andre fag. Sjølv ein lekjare treng å vera kreativ for å finna ut kva som feiler pasienten, påpeiker Folgerø Johannessen.

Aldri for gamal

Med 70 år som kunstnar på baken, rett nok med ei pause då ho var småbarnsmor til fire små, er Folgerø Johannessen tydeleg på at ein aldri blir for gamal å helde på med det ein likar.

– Det er alltid det neste bilete, og interessen for det å skapa som driv meg. Eg trur ikkje du kan bli for gamal til det. Sjølvsagt er det synd at ein orkar litt mindre når ein blir eldre. No maler eg berre tre fire timar kvar dag, før kunne eg helde på heile dagen. Men så lenge ein får lov til å vera frisk, så er alder inga hindring. Det einaste eg ikkje held på med lenger er grafikk. Det har blitt for tungt.

Tilbake i Mobergsvikjo

Ho har aldri stilt ut på Oseana tidlegare, men likevel er det på mange måtar som å koma heim for Aggi Folgerø Johannessen.

– Eg har vore mykje her ute. Då vi første gang kom til Bergen i 1963 så budde vi oppe på Øyjordet. Kor skulle vi ta med oss ungane for å bada? Jo, det blei til Os og Mobergsvikjo. Utsikten her har eg alltid vore glad i. Eg er glad dei tok vare på den då dei bygde Oseana. På sett og vis er dette litt å koma heim, avsluttar Folgerø Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.