Annonse

Annonse

midtsiden

Ai Karanba, for ein siger!

Os er vidare til 1/8-finalen etter ein kamp som ville ha pressa gledestårer fram hos Drillo.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, august 4, 2010 - 21:54

Etter 4-0-sigrar i begge dei første innleiande kampane, og 0-0 i den siste tysdag kveld, var det 1/16-finale mot brasilianske Karanba onsdag klokka 20.

- Det er nok ingen norske eliteserielag som speler som desse brasilianske ungdomane, dette var eit lag som var godt nok til å vinna heie Norway Cup, meiner ein av foreldra Midtsiden.no har snakka med etter Os-triumfen.

- Ei fantastisk kontring som enda med tidleg skåring etterfølgt av disiplinert defensivt arbeid sikra siger til Os. Drillo ville blitt rørt til tårer hadde han sett denne kampen!

10-15 minutt ut i 2. omgang sendte Erik Kanestrøm Sven Lyssand på eit langt løp.

Sven fann Espen Kopperud, som brente ballen i tverrliggar, men så var Erik der, etter eit 70 meter langt løp, og heada inn kampens einaste skåring.

Juniortrenar Øyvind Steffensen er like glad for sigeren som spelarane.

- Karanba hadde nok ballen 75 prosent av tida etter skåringa, men kom ikkje til mange sjansar. Vi let dei spela ball og var trygge i forsvar og mellom stengene, seier Steffensen.

- Vi har 18 seriøse og positive ungdomar med oss, og eit stort og livleg publikum, dette var skikkeleg caramba! Men no gjeld det å nullstilla seg til 1/8-finale.

Klokka 12 torsdag møter Os vinnaren av Debica MKS og Træff 1. Ifølgje Steffensen låg Træff an til siger sist han fekk med seg stillinga, og Træff frå Molde rauk i fjor ut i semifinalen mot same lag som slo ut Os i kvartfinalen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11