Lokal | 25. apr. 2015

Aksjonskveld på Nore Neset

Dei sparte ikkje på noko, elevar og tilsette ved Nore Neset barneskule, då dei inviterte til sin aller første aksjonskveld.

Aksjonskveld på Nore Neset
Elevane på Nore Neset barneskule imponerte publikum med song, dans og skodespel. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandlørdag 25. apr. 2015 07:15

Bildeserie:

Aksjonskveld på Nore Neset barneskule. (Foto: KML)

1 av 12

Det myldra av folk på Nore Neset barneskule torsdag kveld då elevane inviterte slekt og vener til det som skal bli ei årleg hending på skulen.

– Vi feirer også at vi har blitt rein barneskule, då er det viktig å få visa fram skulen vår for foreldre, besteforeldre og andre, fortel rektor Børge Lunde.

Han er tydeleg stolt over den no reine barneskulen som starta opp i haust.

– Vi har eigentleg starta ein heilt ny skule, og no byrjar ting å setja seg.

I rundt ein månad har elevar og tilsette jobba for å få i stand aksjonskvelden, ein kveld der inntektene annakvart år skal gå til humanitære føremål og annakvart år til FAU for elev- og miljøretta tiltak.

– Det er kjempegøy!

Sina, Erle, Mariell og Ingrid frå 7. trinn har gledd seg veldig til denne kvelden.

– Det er kjempegøy!

Jentene synest det er ekstra kjekt at dei sjølv har vore med å få denne kvelden i stand.

– Vi har sett veldig fram til å få vist fram det vi har fått til.

Kvar krok av skulen var tatt i bruk, her kunne ein prøva seg på konkurransar, gå i spøkelseshus, kjøpa sjølvlaga produkter, få ansiktsmåling, fletta håret eller kosa seg på konditori.

– Og så har både 1. til 4. klasse og 5. til 7. klasse laga kvar sitt show, fortel Lunde.

Her blei det vist fram både song, dans, skodespel, og skumle zombiar med eit eige Thriller-nummer.

Det er elevane sjølv som har tatt initiativet til arrangementet som hadde eit ønske om å ha ein skuledag på ettermiddagen.

– Dei har fått til utruleg mykje. Til og med for dei som skulle vore på Kuventræ og sett Os spela mot Brann så kan vi tilby direktesending i eine klasserommet, seier han og smiler godt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.