
Alle frå Os til NM-finale!
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, mars 19, 2011 - 19:39
Os Karateklubb stilte med fem deltakarar i Karate NM i Oslo i helga;
• Tonje Skeie Hjelle (senior -50 kg)
• Åsmund Slettevold (junior -68 kg)
• Mons Daniel Haugland (junior +76 kg)
• Erlend Slettevold (senior -75 kg)
• Henrik Reed-Larsen (senior -84 kg).
Åsmund og Tonje er noregsmeistrar, Mons Daniel, Erlend og Henrik har tatt sølv.
Erlend fekk i tillegg bronse i kata.
- Åsmund, som fylte 16 år i førre veke, var yngstemann i klassen, fortel hovudtrenar Cato Bruarøy.
I fjor tok Åsmund gull i kadett, i år kontrollerte han det inn og toppa det heile med 6-1-siger i juniorklassen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no