Kultur | 03. feb. 2018

Alle kom ut av ABBA-skapet

Oseanasalen blei fylt to gongar fredag kveld. Også restauranten hadde ABBA på menyen.

Alle kom ut av ABBA-skapet
Då Inger Lise spelte seg sjølv som takka nei til å bli med i ABBA, blei det mange morosame replikkar og låtar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. feb. 2018 07:22

Bildeserie:

1 av 11

Fredag var det tid for det stjernespekka showet som hadde selt billettar 1,5 sal FØR sleppet av vårens program på Oseana.

Dei fem vokalistane bak «Thank you for the music: Vi elsker ABBA!» er ingen ringare enn ikoniske Inger Lise Rypdal, Stjernekamp-vinnar Rita Eriksen, Stavangerkameratenes Tommy Fredvang (5. plass i X-Factor i 2009, medlem av Osfest-aktuelle Stavangerkameratene, musikalstjerne Jannike Kruse og The Voice-vinnar (2013) Knut Marius Djupvik.

– Det gjekk raskt unna, utan promotering, og det var ikkje mange billettar igjen då vi i desember lanserte vårprogrammet, seier programsjef Berit Steen til Midtsiden før ekstraframsyninga 21.30 fredag kveld.

Showet har gått rundtom i Noreg i eitt år. «Ei energibombe som burde skrivast ut på blå resept» meinte VG og gav terningskast 5.

Også dei resterande billetane fauk ut.

32 låtar på 90 minutt

– Publikum som kom ut frå første framsyning såg begeistra ut. Det var eit par gjestar som synest det var i overkant med trøkk på enkelte låtar, så bassen blei justert litt, fortel Steen.

Gruppa var innom 32 låtar på 90 minutt, frå pop og musikal til rock og parti med sologitar, frå nokre sekund med «Thank you for the music» før opninga heldt fram med «Mamma Mia» og «Take a chance on me».

Vokalistane ønskte velkomen til alle ABBA-fans, og til alle skapfans av ABBA, dei som var i salen «fordi kona ville».

Dei gav beskjed om at det var lov å synga med. Det var unødvending, publikum song allereie med - dei gynga i takt med musikken, det kom spontanapplaus, latter - og kanskje også nokre tårer.

Ei morosam historieforteljing

ABBA (Agnetha Fältskog, Benny Andersson, Björn Ulvaeus og Anni-Frid «Frida» Lyngstad) er tidenes mest suksessrike band frå Skandinavia (aktiv frå 1972 til 1982), med 360 millionar selte album er det berre The Beatles som har selt meir.

På slutten av 60-talet, før ABBA blei etablert, trona Inger Lise Rypdal på Svensktoppen med «Romeo og Julie». Samtidig stifta ho bekjentskap med Agnetha.

– Tenk, eg kunne vore Frida i ABBA, sa Inger Lise, og det blei starten på ein morosam sekvens der ho splte seg sjølv mot 70-talskledde ABBA som prøvde å lokka Svensktoppen-stjerna med i eit nystarta band som skulle opptre på Melodifestivalen i 1973.

Inger Lise fleipa med dei «useriøse» låtane deira, det blei fletta Vietnam-krig og Napoleon inn i kjende melodiar - og sa at ho uansett ikkje hadde tid til å bli med i ABBI (I for Inger Lise), for ho var etablert som soloartist og skulle dessutan synga Hompetitten med Alf Prøysen … Publikum var med på notane!

Regi: Johan Osuldsen. Musikalsk leiar: Hans Einar Apelland. Kostymer: Cårejånni Enderud. Scenografi: John-Kristian Alsaker. Produsent: Over Norge.

Stemte fram ein ABBA-meny

Oseana Kafé & Restaurant hadde kasta seg på feststemninga og la 12. desember ut ein serie med rettar, alle med namn frå kjende ABBA-låtar, så følgjarane på Facebook kunne stemma fram ein trerettars meny.

Mens Gimme! Gimme! Gimme! (ytrefilet av rein) måtte vika, blei Dancing Queen (lammecarré) og Super Trouper (piggvar) to alternativ å velja mellom som hovudrett, mens det var fleirtal for å ha Voulez Vous (kamskjell) og Money, Money, Money (sjokolade-honning-karamell) som forrett og dessert.

– Responsen blei veldig god! Vi hadde 150 gjestar, ganske jamt fordelt før første- og andre framsyning, i tillegg hadde vi bra trøkk i baren i foajeen før start, fortel Roald Mjelstad.

Han seier utviklinga for kafeen og restauranten er positiv.

– Sjølv med fleire dyktige konkurrentar i bygda så auka omsetnaden frå år til år, og vi ser fram til resten av vinteren og våren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.