Lokal | 23. mai 2017

Alvorleg branntilløp i sentrum

Ein sneip var truleg grunn til det som kunne ha blitt ein alvorleg brann i Os sentrum tysdag morgon. – Blomsterpotter er ikkje staden å stumpa sigaretten, åtvarar brannvesenet.

Alvorleg branntilløp i sentrum
Blomsterpotta av ispor smelta av den sterke varmen. Heldigvis tok entreprenørar på arbeid i sentrum ansvar og fekk sløkt branntilløpet (foto: Os brannvesen)
Andris Hamretirsdag 23. mai 2017 09:10

Tysdag morgon oppdaga ein kommunalt tilsett røyk og varmeutvikling i ei blomsterpotte av isopor utanfor ein av forretningane i Os sentrum.

– Heldigvis kom ein av entreprenørane som jobbar i sentrum til og fekk sløkt det ganske raskt. Det hadde allereie utvikla sterk varme i jorda og potta var i ferd med å smelte, fortel Anne Kjersti Storebø, leiar for forebyggjande avdeling i Os Brann- og redningsvesen.

Ulmar i timesvis

Storebø er glad det gjekk bra denne gongen. Ho åtvarar samstundes mot å bruka blomsterpotter som askebeger.

– Stumper du sneipen i ei blomsterpotte kan det ligga å ulma i jorda i timesvis. Jorda utviklar ofte etterkvart ein enorm varme. Blomsterpottene står gjerne tett inntil eit hus, så tar det fyr er det fort at det spreier seg til kledningen i huset og ein får ein særs alvorleg situasjon.

Kjent problem

For brannvesenet er dette ein kjent situasjon, både i private heimar og ved institusjonar.

– Vi hadde ein tilsvarande situasjon på Luranetunet for nokre år sidan, kor det hadde utvikla seg til å bli opne flammer, men heldigvis fekk ein også den gangen sløkt flammane før dei fekk tak i husveggen, seier Storebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.