Lokal | 14. feb. 2016

Amper stemning og forsvunnen schæfer

Politiet i Os har ikkje fått kvila på laurbæra det siste døgnet. Mesteparten av hendingane kan tilskrivast promille.

Amper stemning og forsvunnen schæfer
(Illustrasjonsfoto: KVB)
Cathrin Valestrandsøndag 14. feb. 2016 09:23

Arve Samsonsen ved politiets operasjonssentral i Vest distrikt seier det er fleire loggførte hendingar på Os det siste døgnet, i tillegg til den nattlege båtturen Midtsiden har meldt om tidlegare.

Promillekontroll

Laurdag morgon vart det utført trafikkontroll på Ulven, med totalt 25 kontrollerte bilar.

– Hovudfokuset var på promille og dokumentkontroll. Ingen viste utslag på promille, og alle hadde nødvendige dokument med seg, så denne kontrollen må vi seia oss nøgde med resultatet av.

Sakna schæfer

Ein svart schæfer vart meldt sakna etter ein fjelltur på Drange litt over klokka halv ti i går kveld.

– Hunden forsvann etter ein fjelltur litt tidlegare på kvelden, og vi har ikkje fått melding om at den er komen til rette. Dersom nokon ser ein omstreifande schæfer i området tek vi gjerne imot tips om dette på telefon 02800.

Klammeri på Solsiden

Klokka 01.25 vart patruljen kalla ut til Solsiden, der ein gjest hadde kome i klammeri med vaktene.

– Mannen i 30-åra er heimehøyrande i Os. Han fekk pålegg om å fjerna seg frå utestaden til i dag, og vart køyrt heim.

Munnbruk i matkøen

Ved 04-tida i natt utvikla det seg ei litt amper stemning i matkøen på Esso.

– Politiet kom til staden, og snakka litt med dei som var der. Då roa gemytta seg utan noko meir utvikling.

Avskilta bil

Politiet i Os avslutta natta med å avskilta ein bil som stod parkert i Os sentrum

– Der låg ei avskiltingsbegjæring på bilen, fordi den ikkje var EU-godkjent, avslutta Samsonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.