Sport | 13. nov. 2016

Andreplass til Os G14

Os la om og reduserte i 2. omgang, men klarte ikkje å slå Fyllingsdalen.

Andreplass til Os G14
Os gutar 14 tok seg til finalen i årets Lagunen Fotballfest. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. nov. 2016 12:09

Bildeserie:

Kaptein Myrlid tok imot pokalen. (Privat foto)
Kaptein Myrlid tok imot pokalen. (Privat foto)
1 av 1
Kaptein Myrlid tok imot pokalen. (Privat foto)

Os Fotball stilte med lag i J17 og fleire lag i guteklassane i årets Lagunen Fotballfest.

To av laga, Os 1 i gutar 14 og 19, har tatt seg til finale. G14-finalen er ferdigspelt.

– Vi speler ein ok kamp, men gir vekk eit billig mål tidleg og får det litt vanskeleg, seier trenar Ivar Johannessen.

FKF gjekk opp i 2-0 i 2. omgang. Os la litt om og reduserte til 2-1 ved Mats Torp Nielsen.

– Vi var med i kampen igjen, men så fekk FKF eit litt heldig mål på eit innlegg, som gjekk heilt oppe i vinkelen, og kampen enda 3-1.

– Alt i alt var dette ei fin avslutting på sesongen og gutane viste seg i periodar frå si beste side. Vi hadde òg ei dyktig jente med oss, Vilde Drange Veglo står ikkje tilbake for nokon av gutane, og blei matchvinnar i semifinalen då ho skåra målet som gjorde at det blei uavgjort og siger på flest cornarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.