Sport | 01. mai 2011

Anlegget blei opna

I september var banen klar, tysdag kom volleyballnettet opp og laurdag var det offisiell opning i Øyane.

Anlegget blei opna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mai 2011 07:29

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det kan straffa seg å vera stor i kjeften etter ei fotballtrening. Tre veker etter at eg hadde sagt at eg kanskje, om eit halvt år, kunne vurdera å gå i gang med å jobba for kunstgras i Øyane, ringte Kenneth meg.

Kenneth Hufthammer tok treningskameraten Eirik André Hesthamar på alvor. «Gratulerer, du er no prosjektleiar» starta han telefonsamtalen med.

Rask prosess

I går, drygt to år seinare, sto ein takksam og rørt Eirik André på talarstolen framfor dei mange som møtte opp for å få med seg den offisielle opninga.

– Litt av årsaka til at vi gjekk inn for dette var at vi veit at det er ein eksta spirit i folk frå Øyane. Det har vi sett før, blant anna då barnehagen blei bygd, og då den blei utvida, sa ordførar Terje Søviknes.

1,7 millionar kroner i støtte er samla inn til bygging av nærmiljøanlegget. Privatpersonar, bedrifter og hyttefolk i området har vore rause, nokre av dei kom til og med i etterkant og spurte kva dei kunne gjera for å hjelpa.

Feil føring

Det ferske avisoppslaget om kjempesprekk i budsjettet for anlegget skapte ikkje ein dempar på feststemninga.

– Sjølv om det er kommunen som har styrt økonomien i prosjektet blei eg litt uroleg i starten. Vi har ikkje prøvd å lura nokon, derfor er eg glad Søviknes tok dette opp medan han hadde ordet, seier Hesthamar.

Søviknes forklarte om feil føring og manglande todeling av utgifter knytt til prosjektet såg ut til å stå for nesten heile beløpet som utgjer sprekken, og fortalte at rådmannen skal sjå nærmare på saka.

Stupte i sanden

Etter utveksling av blomar, laks og fotballar var det tid for snorskjering. Allerie opningsdagen var det tre fotbalkampar, 7-åringane debuterte mot Nore Neset medan 8-åringane tok imot Lysekloster og 10-åringane frå Øyglimt spelte mot Søre Neset.

– Det har vore fleire milepælar, frå det første møtet i 2008 til vedtaket i juni 2009 og kjempedugnanden då vi rulla ut kunstgraset i august i fjor.

– Så gjekk det vidare frå første kamp på banen i september til ferdig leikeplass bak skulen i november og lysanlegg på banen i desember. I vinter kom sanden til volleyballbanen. Sanden blei raka utover i vår og tysdag kom nettet på plass.

I tillegg er eit nytt utstyrsskur, som også skal fungera som salsbod, nesten ferdig.

– Dette betyr mykje for idrettslaget og alle som veks opp i Øyane, vi ha fått eit utruleg fint uteområde for både ungar og ungdomar, synes prosjektleiaren som no endeleg kan senka skuldrene.

Opningsfesten blei for Hesthamar sin del avrunda med ein volleyballkamp med venar seint laurdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.