Lokal | 09. juli 2016

Anne og Terje skal gifta seg

– Eg trudde først det var ein bursdagspresang, seier Anne om ordføraren sitt tårevåte frieri. Søviknes møtte òg ei anna spesiell jente fredag.

Anne og Terje skal gifta seg
Sa ja på Tysnes: Anne Fenstad og Terje Søviknes har blitt påspandert champagne i heile dag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juli 2016 16:51

Kjøpte båt, møtte jenta han redda livet til for 20 år sidan og fridde til kjærasten Anne Fenstad – ordførar Terje Søviknes fekk ein innhaldsrik fredag på Tysnes.

– Det er fantastisk å oppleva kjærleiken i vaksen alder. Det blei full ro då Anne kom inn i livet mitt, samtidig er ho med ut og lever livet, sosialt med venar og på reise, seier Terje til Midtsiden.

Det var Os & Fusaposten som først fortalte om frieriet. Dei to møttest via kona til Ole Reinert Berg-Olsen, Anne si venninne Kari, hausten for knappe tre år sidan.

– Folk har fått det med seg i ulike aviser og vi har blitt påspandert champagne sidan klokka 12 i dag. Det har vore ein utruleg fin dag, synest ordføraren.

– Eg skjønte ikkje kva det var før eg såg tårene

Paret var på Haaheim Gaard for å eta saman med venar. Då dei hadde fått velkomstchampagne i glasa fekk Terje med seg Anne ned i eit nybygd kapell ved restauranten.

– Eg tjuvlånte ein ring frå skapet til Anne så eg fekk bestilt rett storleik. Gullsmed Eide ordna ringen klar før vi reiste til Tysnes.

– Kvifor kom frieriet akkurat no?

– Eg har tenkt på det lenge, vi har det så fint i lag. Så bestemte eg meg for å ta det på Tysnes, Haaheim Gaard er ein flott plass og vi var heldige som fekk vera åleine i kapellet.

Mens paret sto åleine i kapellet tok Terje fram den vesle eska.

– Eg har nyleg hatt bursdag og då spurde han om eg ønska med eit smykke eller liknande. Eg sa nei, at han heller kunne kjøpa klede, så først trudde eg dette var ein tilleggspresang på etterskot.

– Men då eg såg tårene i auga hans så skjønte eg kva det handla om. Så byrja eg og å grina, og mens eg opna eska så kom spørsmålet.

Ei byjente med Austevoll-blod

Både Terje og Anne har to born frå tidlegare forhold. Anne sine gutar er 16 og 19 år gamle. For ungane sin del bur det komande ekteparet kvar for seg, mens dei er saman i helgene.

– Kva liker de best å gjera saman?

– Det er rart å seia det, men Anne er rå på hummarfiske. Ho har vakse opp i Sandviken og bur på Bønes, men hennar jobb om bord er å ta mat i teinene. Ho stussar ikkje på å sitja og kappa halvròten fisk for å få agnet på plass i kvar teine.

– Ho har litt Austevoll-blod i årene, det hjelper nok på, seier Terje.

Sjølv seier Anne at då Kari skulle kopla dei to så gjekk det tid før ho fekk veta kven han mannen frå Os var.

– Då ho sa namnet sa eg først nei. Eg ville ha fred og ro. Men så tenkte eg meg om og forsto at merksemda ville nok nesten utelukkande koma på Terje. Då han inviterte meg på middag på Bryggen via Facebook så sa eg ja, og det blei full klaff med éin gong.

Verken dato eller stad for bryllaupet er førebels bestemt.

– No skal vi berre nyta helga på Tysnes, seier dei to.

Ny båt og fleire tårer

Om Anne og frieriet er det største, fekk Terje fleire store opplevingar på Tysnes fredag.

For det første kjøpte han seg båt, ein Scand 9200 Dynamic, som han kjøpte av Ståle Daae Børnes frå Øyane som har stand med Bergen Marinesenter under Tysnesfest.

For det andre møtte han ei heilt spesiell jente fredag kveld.

– Ho kom bort og takka meg for livet sitt, fortel Terje.

Jenta er den same som Søviknes redda frå å drukna då ho ramla i sjøen med mora i mars månad midt på 90-talet.

Terje sprang så fort ned til båten at han mista den eine skoen sin då han såg at ei kvinne låg i den iskalde sjøen, midt mellom Lysøen og fastlandet.

– Eg visste ikkje at kvinna hadde ein baby med seg før eg kom fram. Eg fekk bæremeisa med jenta om bord først, så fekk eg mora om bord.

Han har berre møtt jenta éin gong etter dette, inntil i går.

– Sist gong var ho ei ung jente, dette var første gong som vaksen. Ho kom rett og slett bort og takka, og vi fekk oss ein prat, så der blei vi sitjande og grina litt saman. Det blei rett og slett ein rørande, varm og tårevåt fredag på meg i går, ein fin dag på alle måtar, seier Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.