Lokal | 23. aug. 2017

Arbeidsgjevaravgift og minstefrådrag for små firma

Lesarinnlegg: Venstre vil gjera det enklare å skapa nye arbeidsplassar.

Arbeidsgjevaravgift og minstefrådrag for små firma
Terje Breivik. (Pressefoto, Venstre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. aug. 2017 19:54

Den som skapar ein arbeidsplass for seg sjølv og nokon til, har verkeleg noko å vere stolt av. Ein gründer vågar å tenkja nytt og tar stor risiko. For Venstre er det eit mål at fleire startar for seg sjølv, og at det skal bli så lett som mogeleg.

For det er ikkje så lett i dag.

Viss du har starta ein ny bedrift og vil tilsette fleire, er ei rekning frå skattekontoret som heiter arbeidsgjevaravgift noko av det første du får. Venstre meiner dette er ei dårleg betaling for å ha skapt ein ny arbeidsplass.

Venstre vil difor fjerna arbeidsgjevaravgifta i inntil tre år for nystarta bedrifter med mindre enn fem tilsette.

Det vil seinka terskelen for å tilsette fleire for mange av dei små, nystarta bedriftene i fylket.

Venstre vil òg fjerna diskriminerande reglar som gjer at desse eldsjelene betaler meir skatt og har dårligare sosiale ordningar enn andre lønsmottakarar. Spesielt kvinnelige gründerar i tradisjonelt kvinnedominerte sektorar har ei utfordring. Sjølvstendig næringsdrivande har for dårleg tryggleik om dei skulle bli sjuke eller gravide. Det er ein urettferdigheit Venstre vil gjere noko med.

Nye bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande skaper ein stad mellom 20.000-30.000 nye arbeidsplassar i året. Venstre har som mål å dobla dette. Det viktigaste for alle nye bedrifter er at dei skal løna seg. I dag betaler sjølvstendig næringsdrivande meir skatt enn andre lønnsmottakarar, sjølv om dei ikkje har høgare inntekt. Dei må òg betala skatt på forskot, før pengane dei tener er på konto. Dette vil vi endra på.

For å jamna ut ulikskap mellom jobbskaparar og arbeidstakarar, vil Venstre innføra same minstefrådrag for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som for personlege skatteytarar.

I framtida treng Norge mange nye arbeidsplassar. Samfunnet vårt skal gjennom ei stor grøn omstilling, og dei som skaper jobbar speler ei heilt avgjerande rolle. Vi treng ein næringspolitikk som er på lag med framtida.

Terje Breivik
1. kandidat for Venstre i Hordaland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.