Lokal | 25. aug. 2011

Arbeidsplassar i det gode liv på Os

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): For at flest mogeleg skal ha eit godt liv er vi avhengig av at vi har nok av arbeidsplassar.

Arbeidsplassar i det gode liv på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2011 21:49

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her

For at flest mogeleg skal ha eit godt liv er vi avhengig av at vi har nok av arbeidsplassar. Arbeid er viktig, ikkje berre for løna si skuld, men òg for det å vera i eit felleskap med andre, noko som styrkjer ein sjølv og påverkar trivsel i livet.

Frå tid til anna ser vi dessverre at arbeidsstadar vert nedlagt og folk mister arbeidsplassen sin, med det som ofte følgjer ... Ein går i frå det sikre til det usikre. Difor har kommunane og staten eit stort ansvar i å vera ein pådrivar og god støtte til både ny og allereie etablert næring i fleire høve.

Kommunar som satsar på næringsutvikling vert ikkje premiert (ut over skatteinngang frå tilsette). I tillegg har kommunar for liten moglegheit til å gjera seg attraktiv i høve til næringslivet. FrP vil at kommunane i langt større grad skal få gjera seg attraktive for næringsetablering.

- Kommunane må få halda på delar av selskapsskatten.

Det vil gje kommunane incitament til å leggja til rette for auka næringsetablering. Tidlegare fekk kommunane halda på 4,25 prosent av bedriftsskatten. De raudgrøne stoppa dette i 2006, og i dag går bedriftsbeskatninga til staten.

- Ta i frå fylkesmannen innseiingssretten over kommunale plan- og byggevedtak.

Fleire stadar har vi sett at fylkesmannen, fylkeskommunen legger inn innseiingar i kommunale dispensasjonsvedtak om etablering av næring, eller innseiingar mot etablering av varehus utanfor kommunesentra, fordi det strir mot statlege eller fylkeskommunale planer.

FrP meiner offentlege etatar skal ha moglegheit til å koma med innspel, men beslutninga skal vere lokal.

- Alle bedrifter og innbyggjarar som søkjer om godkjenning skal møtast med ei haldning der ein leiter etter grunnar til å seia ja.

Dette vil føra til raskare saksbehandling. FrP vil ha et JA-stempel på saker, der berre avvik og negative søknadssvar skal behandlast av politikarane.

- Innføra makstid for behandling av byggesøknader og reguleringsplanar ...

... vil gje meir forutsigbarhet for bedrifter, gründarar og privatpersonar.

Opna for større bruk av konkurranse ved offentlege anskaffingar av varer og tenester ...

... fører til at marknadane opnar opp og fleire vil etablera seg.

Selskapsskatten

Tidlegare fekk kommunane delar av inntektene frå selskapsskatten. Då de raudgrøne (2006) kom til makta første gong avvikla dei ordninga, slik at heile selskapsskatten i dag går til staten. Før ordninga ble avvikla gjekk 4,25 prosent av bedriftsskatten til staten.

FrP vil framleis ha ein selskapsskatt, men på eit lågare nivå. Vi meiner at store delar av selskapsskatten som blir kravd inn automatisk bør gå til kommunen der verdiskapinga har skjedd. Det kan skje ved eksempelvis at selskapskatten blir delt i to deler; éin statleg og éin kommunal (der kommunane kan bestemma satsen ut frå et visst intervall).

Laila Marie Reiertsen
40. kandidat Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.