Lokal | 16. juni 2017

Arbeidsuhell ved Amfisenteret

Ein mann blei skadd i armen i ei ulykke fredag formiddag.

Arbeidsuhell ved Amfisenteret
Politi og lege rykte ut då det kom melding om arbeidsuhell mellom Flåten og Gudriflaten. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2017 09:05

Fredag litt før klokka 10.30 rykte politi og lege ut til Byvegen vis a vis Amfisenteret.

– Ein mann er skadd i armen. Han blei kontrollert av lege på staden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Eit vitne på staden fortel til Midtsiden at han ikkje såg større maskiner i nærleiken av mannen som låg i bakken.

– Overtrykk skal vera årsaka til uhellet, fortel politiet.

Det er oppretta sak og Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla.

Os kommune legg nye røyr frå Industrivegen og Flåten. Det er uvisst om den skadde mannen jobbar i Os kommune eller hos ein innleigd entreprenør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.