Lokal | 18. nov. 2017

Areal og fjordbruk i Os og Fusa

Bjørnafjorden kommune: Plan og bygg vil samla seg.

Areal og fjordbruk i Os og Fusa
F.v.: Gustav Bahus, Bjørg H. Antonsen, Laila Reiertsen og Magne Djuvik. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. nov. 2017 08:02

I møte i Os plan- og bygningsutval torsdag 7. desember ønskjer osingane å ta imot kollegaene, dei komande sambygdingane frå Fusa.

– For det første er det greit å møta kvarandre, for det andre held vi begge på med store planar, vi med arealplan og dei med akvakulturplan.

– Det er nyttig og lærerikt at vi blir litt kjent med kvarandre sitt arbeid med desse planane, seier leiar for plan- og bygningsutvalet i Os, Gustav Bahus (Frp).

Os kommune har eit areal på 140 km2, Fusa på 378 km2.

Leiarar frå same parti

Før Os og Fusa blir eitt 1. januar 2020, er det nytt kommunestyreval. I inneværande periode er det Frp som har leiaren i plan- og bygningsutvalet både i Os og Fusa (Magne Djuvik).

– Måndag var eg på årsmøte i Fusa, som representant for Hordaland Frp og medlem på fylkestinget, fortel Bahus.

I møtet blei Magne Djuvik attvald som leiar for Fusa Frp. Også Laila Reiertsen frå Os Frp, varaordførar i Os, fekk med seg årsmøtet i nabokommunen.

Fjordbruk - viktig næring for Fusa og Os

På årsmøtet i Fusa Frp var Bolaks AS invitert til å fortelja om status, utfordringar og behov.

– Dagleg leiar Bjørg Holmefjord Antonsen heldt eit interessant og lærerikt foredrag om ei næring som er både stor og viktig, no og framtida, synest Bahus.

Bolaks AS er med 687 millionar kroner det største selskapet i Fusa kommune, etter Framo Fusa AS.

– Dei er ikkje berre eit stort firma i omsetnad, dei er ein stor arbeidsgjevar, med rundt 60 tilsette, der halvparten av desse bur i Os.

8 av dei 10 største selskapa i Fusa er i oppdrettsbransjen. Bolaks, Eide Fjordbruk, Tombre Fiskeanlegg, Fjord Drift, Sævareid Fiskeanlegg og Quatro Laks omsette for til saman over 1,9 milliardar kroner i 2016.

– Vi har oppdrett i Os òg, i tillegg til viktig utstyr- og leverandørbransje. Men innan fjordbruk er det eit heilt anna omfang i vår komande del av kommunen, noko vi i plan- og bygg kan få behov for å læra meir om i åra som kjem, seier Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.