Lokal | 01. jan. 2017

Året 2017 - feriar og jubileum

Kor tid er det påske, kva firma i Os fyller 25 år i år og kva vekedag hamnar 17. mai på?

Året 2017 - feriar og jubileum
Marine Construction og MX Sport Os (Os Sport AS) fyller 25 år i år, Lions Os er 50 år og 17. mai landar på ein onsdag i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. jan. 2017 09:09

Vi håper alle lesarane våre hadde ein fin inngang på 2017!

Her har vi sjekka skuleruta, kalenderen, Purehelp og Wikipedia for å samla litt praktisk informasjon, og underhaldande fakta, om året vi så vidt er inne i.

Første høgdepunkt for mange av dei feminine er morsdag, som kjem andre søndagen i februar, som i år er søndag 12.

I same månad startar vinterferien, som i år ikkje er limt saman med påskeferien, men går i veke 9, som tidlegare år.

Les òg: Påskeferie + vinterferie = Ein god idé?

Det betyr at siste skuledag før vinterferien er fredag 24. februar, første skuledag etter ferien er måndag 6. mars.

Påske og pinse

Påsken kjem noko seint i år, med skjærtorsdag 13. april er siste skuledag før påskeferien fredag 7. april.

• 1. mai landar på ein måndag i år, dermed blir det langhelg i månadsskiftet.
• 17. mai er på ein onsdag, mens Kristi himmelfartsdag er veka etter, torsdag 25. mai, med skulefri fredag 26. mai.
• Pinsen er sein, første helga i juni, som betyr at det er fri måndag 5. juni.

I grunnskulen er siste skuledag før sommaren torsdag 22. juni.

Mange firma fyller 10

Ser vi på dato for stifting finn vi fleire firma og organisasjonar i Os som har jubileum i år (nokre firma kan vera eldre, men har skifta selskapsform for 10, 25, 50 eller 100 år sidan).

Andre fyller rundt dag i år, som Dahlsveien Holding AS, eit av dei største selskapa i Os, eigar av H-vinduet Magnor AS.

Nav Os, nokre butikkar og to eigedomsmeklarfirma, er òg 10 år i år: Bergen Omegn Eiendomsmegling AS, Privatmegleren Os, Brilleland AS avd Os, GH Interiør AS og Princess avd Amfi Os.

Innan bygg, eigedom og industri finn vi 10-åringar som Ask og Skjeie Eiendom AS, Knut Olsens Tjenester AS, Marine Fabrication AS og Os Hageservice.

Også Oselvarverkstaden, Varde Solutions AS og Destinasjon Europa AS blei stifta i 2007.

Jubilantane:

25 år
Marine Construction AS
Os Sport AS (MX Sport Os)
Drageset Varehus AS

50 år
AK Dranges Båtservice & Co ANS
Lions Club Os
Nore Neset skulekorps
Odd Tøsdal AS
Os Jakt og Fiskelag

Noreg og resten av verda

Visste du at bokstaven Å har jubileum i år? Det same har Jan Åge Fjørtoft og Miley Cyrus.

Dette skjedde for 25 år sidan (i 1992)
15. januar: Verdsveven (World Wide Web) vart offentleg tilgjengeleg på internett.
25. november: Noreg søkte om medlemskap i EF (EU).

Desse kjente personane blei fødd (og fyller 25 år i år):
13. juni: Fredrik Haugen, norsk fotballspelar
22. juli: Selena Gomez, USA-amerikansk songar og skodespelar
20. august: Demi Lovato, USA-amerikansk songar og skodespelar
23. november: Miley Cyrus, USA-amerikansk skodespelar

For 50 år sidan (i 1967) skjedde blant anna dette

17. juni: Jens Bjørneboe blei dømt for utuktige skriveri i romanen Uten en tråd.
1. september: Sverige innførte høgrekjøring.
24. november: Stemmerettsalderen blei sett ned til 20 år.

Desse blei fødd, og fyller 50 i år:
10. januar: Jan Åge Fjørtoft, norsk fotballspelar
20. februar: Kurt Cobain, amerikansk musikar (død)
19. juni: Bjørn Dæhlie, norsk langrennsløpar
1. juli: Pamela Anderson, amerikansk skodespelar

Desse døydde for 50 år sidan:
16. mars:Jakob Sande, norsk forfattar
5. april: Johan Falkberget, norsk forfattar
9. oktober: Che Guevara, argentinsk revolusjonær

For 100 år sidan

• Avisa Firda vart grunnlagt av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord.
• Bokstaven Å blei innført i Noreg.
25. januar: Danmark selde Dansk Vestindia til USA for 25 millionar dollar.
6. april: Den første verdskrigen: USA erklærte krig mot Tyskland

Desse blei fødd og ville blitt 100 i år om dei framles var i live:
25. april: Ella Fitzgerald, USA-amerikansk jazzsongar
29. mai: John F. Kennedy, USA-amerikansk president
19. november: Indira Gandhi, første kvinnelege statsminister i India
5. desember: Wenche Foss, norsk skodespelar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.