Sport | 18. mai 2016

Årets første nettkjenning

Kaptein Vegard Leikvoll Moberg var med på eit målrush då Åsane slo Ullensaker/Kisa.

Årets første nettkjenning
Vegard blir gratulert med 2-0-skåringa. Fire minutt seinare sto det 4-0 til Åsane. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mai 2016 20:59

Osingen Vegard Leikvoll Moberg, som i år overtok som kaptein for OBOS-laget Åsane, er i midtbanerolle meir ein tilretteleggar enn ein goalgettar.

I fjor blei det fire mål, torsdag skåra han sitt første i årets sesong.

– Eg plukka opp ein andreball etter corner og klinte til med venstrefoten, fortel Vegard til Midtsiden.

– Sjølv om det viktigaste er at laget skårar er det sjølvsagt deilig med ei nettkjenning i ny og ne!

Skåringa kom i 38. minutt og gav Åsane 2-0-leiing på heimebane. Fire minutt seinare sto det 4-0. Joachim Soltvedt sette inn 1-0 og 3-0, Herrem gav Åsane 4-0-leiing før pause.

Kampen enda 4-2.

– Meir stabil i år

Måndag 16. mai blei det 2-0-tap for serieleiar Sandefjord framfor 3300 tilskodarar.

Åsane har, som då dei i fjor var nyopprykka, starta sesongen bra. Etter 8 rundar ligg dei på 4. plass med 14 poeng.

Kapteinen er ikkje uroa for at dei skal møta den same veggen som i 2015, då dei leia serien med 12 poeng etter 6 rundar og 10 rundar seinare berre hadde tatt 2 poeng til (enda på 11. plass).

– Vi klarte oss bra mot Sandefjord, men eg skulle ønskt at vi klarte å truga dei litt meir. Men samtidig er dei serieleiarar og eg fryktar ikkje at vi skal slutta å ta poeng.

– Vi speler jamnare no enn i fjor, det har eg allereie erfart.

No gler Vegard seg til neste runde, til å ta imot botnlaget Fredrikstad førstkomande søndag.

TABELL OG TERMINLISTE

Mats Cato Moldskred og Kongsvinger har òg gjort det bra i OBOS etter opprykket i fjor. Toppskåraren frå Os har allereie putta fem mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.