Sport | 01. juni 2009

Årets første over 8 kg!

Sundag morgon fekk Atle Kolltveit frå Sotra årets første laks i Oselvo. Den var ikkje liten.

Årets første over 8 kg!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juni 2009 16:17

Bildeserie:

1 av 3

I natt starta årets fiske i Oselvo. Ingen fekk laks i løpet av natta.

- Det einaste eg kjenner til er to aure, seier Peter Mosegaard, som sto i sone 2 då startskotet for fiskesesongen blei fyrt av.

8,6 kilo i Kremretten
- Eg byrja å fiska klokka seks i dag tidleg. Det var heilt livlaust til laksen beit på, rundt klokka 9, fortel Atle Kolltveit til midtsiden.no.

Han plar fiska lengre nede i elva, men då han ikkje fekk så mykje tid der som han hadde håpa på, kjøpte han like godt eit årskort i Kremretten.

Etter tre timar beit det på (i Kremretten sone 2), og så kom 15 til 20 minutt med kamp før han fekk den 8,63 kilo tunge laksen på land. Laksen var 95 centimeter lang og fri for lus.

- Sida eg fiska med éihands flogestang blei det ein ekstra spennande kamp, fortel Kolltveit.

I fjor fekk han berre aure i Oselvo, og før dagens fangst var rekorden til Atle Kolltveit 2 kg.

- Det var litt av ein forskjell å få denne på floga, ein veldig kjekk dag i Oselva.

7,4 kg i fjor
Første laks i 2008 var på 7,4 kg (Nils Ekerhovd, sone 2, 12. juni kl 8 om morgonen)
Første laks i 2007 var på 6,3 kg (Paul Lekven, sone 2, opningdagen kl 04.50)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.