Brannvesenet sløkte effektivt pipebrannen på Halhjem onsdag kveld. (Foto: Varde Film og Media)

Årets første pipebrann

Brannvesenet var på sløkkeoppdrag på Halhjem onsdag kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, januar 18, 2012 - 22:30

Siste pipebrann i 2011 var på nyttårsaftan, årets første blei i dag, 18. januar:

Onsdag rett før klokka 21 blei brannvesenet i Os varsla om pipebrann i eit bustadområde nær Halhjem Kafé.

– Vi feide ned pipa og sløkte sotet. Det blei ein enkel og grei jobb, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Huseigar får ikkje fyra meir før brannvesenet har vore på inspeksjon i dagslys torsdag.

– Det var nokre små, synlege skader på pipa, men piperøret trur eg nok er uskadd, seier Monsen.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11