Sport | 25. okt. 2010

Årets første uavgjorte

Damene spelte jamt med Årstad 2 på heimebane i går.

Årets første uavgjorte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. okt. 2010 07:30

Os starta heimekampen bra, og hadde sjanse til å dra ifrå Årstad 2.

- Dessverre blei det gjort nokre feil på tampen av den gode perioden. Gjestane kom inn i kampen igjen og tok føringa før pause.

Os - Årstad 2: 25-25 (13-15)

I 2. omgang kom Os seg opp til 16-16 og laga skifta på å leia etter dette. Rett før slutt hadde heimelaget sjansen til å sikra seg begge poenga, men det blei miss og poengdeling.

Bomma framme - missa bak
Tre straffebom på rad i 2. omgang og ein del brente sjansar gjorde at Os gjekk på sin første poengdeling denne sesongen.

- Vi spelte godt både i angrep og forsvar, men brente for mange sjansar. Trass i godt forsvarsarbeid hamna det også for mange ballar i buret, keeperane hadde ikkje nokon god dag i går, meiner trenaren.

Framleis i toppen
Os står med eitt tap og éin uavgjort etter dei første seks rundane. Årstad 2 har også hatt ein god start og berre tapt for Fana.

Os ligg no på 4. plass, a-poeng med Årstad 2 og Viking på 3. og 2. plass. Fana leiar med 11 poeng.

SJÅ TABELL

Os speler også neste kamp på heimebane, laurdag 6. november (kl 16.00) tar dei imot Kjøkkelvik i Oshallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.