Næringsliv | 10. feb. 2017

Årets Vita-sjef på Vestlandet

– Anita Lyssand stiller høge krav til seg sjølv og medarbeidarane, meiner juryen i Noregs største kosmetikk-kjede.

Årets Vita-sjef på Vestlandet
Adam Schjølberg og Tore Petterson var konferaniserar då Anita Lyssand (midten) vann prisen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. feb. 2017 14:16

I samband med kjedane VITA og VITA Exclusive si faglege samling med 500 deltakarar på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport blei Anita Lyssand frå Vita Os på AMFI Os tildelt «Vita Award» som beste butikksjef i regionen.

Adam Schjølberg og Tore Petterson var konferansierar og Vinnie avslutta festmiddagen, der kåringa fann stad.

– Kriteria for å bli «Årets butikkleder» er mange, og noko av det dei 217 butikkleiarane blei evaluerte på er budsjettoppnåing, auke i omsetnad, gjennomføring av kampanjar og konsept, servicegrad og kundebehandling, skriv Vita i ei pressemelding.

Det blir kåra éin vinnar i kvar region. Regionsvinnaren er med på å kjempa om prisen som «Årets butikkleder».

Dette seier juryen om Anita Lyssand:

Regionens butikkleder er en person som utviser et brennende engasjement, er svært målrettet, hun har godt humør og stor arbeidsglede. Hun stiller høye krav til både seg selv, og sine medarbeidere i forhold til at butikken til hver tid skal være strøken, at de som team skal oppnå gode resultater. Anita jobber fokusert og målrettet og har en svært klar og tydelig standard for det høye servicenivået. Den flotte innsatsen har gitt svært gode resultater i 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.