Lokal | 18. okt. 2017

Arkeologar i sving på Hjelle

Skule aust om elvo: No blir tomta sjekka grundig.

Arkeologar i sving på Hjelle
Arkeolog Lousie Bjerregård frå Hordaland fylkeskommune får hjelp av Thomas Helland frå Os Anlegg & Transport til dei tyngste spadetaka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. okt. 2017 09:42

Bildeserie:

Området der i og rundt der skulen kan koma blir no undersøkt av arkeologar. (Foto: KVB)
Området der i og rundt der skulen kan koma blir no undersøkt av arkeologar. (Foto: KVB)
Arkeolog Lars S. Røgenes. (Foto: KVB)
Arkeolog Lars S. Røgenes. (Foto: KVB)
Arbeidet vil pågå i 5-6 veker. (Foto: KVB)
Arbeidet vil pågå i 5-6 veker. (Foto: KVB)
1 av 3
Området der i og rundt der skulen kan koma blir no undersøkt av arkeologar. (Foto: KVB)
Arkeolog Lars S. Røgenes. (Foto: KVB)
Arbeidet vil pågå i 5-6 veker. (Foto: KVB)

Onsdag for ei veke sidan byrja arkeologar frå Hordaland fylkeskommune med arbeid på det som kan bli skuletomt for komande skule for Os aust.

– Heile området blir sjekka, med unntak av nokre delar av terrenget der det neppe har vore busetnad, som dette tidlegare elveleiet, seier arkeolog Lars Snilstveit Røgenes og peikar på den djupaste delen av den dyrka marka.

Har funne spor av jernarbeid

Os Anlegg & Transport er hyra inn til grovarbeidet, å løfta vekk det øvste laget med jord.

– Maskinene grev fram 2,5 til 3,5 meter breie søkesjakter. I desse ser vi etter spor frå jern- og bronsealder, fortel Røgenes, som jobbar saman med arkeolog Louise Bjerregård på staden.

– Kva er det mest spennande de har funne til no?

– Vi har funne noko slagg, altså restar etter jernproduksjon. Det er førebels vanskeleg å seia kor spennande det er, men vi får sjå om vi klarer å setja det i ein kontekst.

Del av reguleringsarbeidet

Det var i mai i år at plan- og bygningsutvalet sa ja til oppstart av reguleringsplan for området.

Den arkeologiske registreringa er eit av krava frå fylkesmannen i samband med planarbeidet.

– Dette er heilt vanleg i oppstart av reguleringsplanarbeid. Vi vurderer om det er potensiale for funn, og sidan det er gjort fleire funn i nærområda, blant anna på Bø, på Hauge, Solstrand og Lyngheim, er det naturleg at vi også her varsla arkeologisk registrering, seier spesialrådgjevar og feltkoordinator Monika Serafinska frå Hordaland fylkeskommune.

Arbeidet vil ta 5-6 veker.

– Kva skal til av funn for at det blir stopp, vidare utgraving eller andre formar for forseinking av regueringsplanarbeidet?

– Om det blir gjort spesielle funn, som for eksempel er av stor samfunnsmessig interesse, blir det opp til Riksantikvaren å vurdera dispensasjon frå kulturminnelova og eventuelt iverksetja utgraving, som i så fall museet sine arkeologar tar.

• Les òg: Landbrukskontoret støttar ikkje skulebygging

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.