Kultur | 17. apr. 2018

Arne Ekeland opnar i Griegsamlinga

Kommunisten hadde ofte eit sosialt og politisk bodskap i bileta sine.

Arne Ekeland opnar i Griegsamlinga
Ei utstilling med Arne Ekeland opner i Griegsamlingen onsdag (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 17. apr. 2018 11:34

Onsdag kveld opner ei utstilling med Arne Ekeland (1908-1994) i Griegsamlingen på Oseana.

– Hans verk har ofte eit sosialt og politisk bodskap, gjerne med revolusjonære og utopiske overtonar. Han var heile sitt liv medlem av Noregs kommunistiske parti, fortel kurator Evelyn Holm i ei pressemelding.

Mest kjend er kanskje Ekeland sine store figurmalerier med symbolsk og utopisk tematikk, men han hadde ein stor produksjon med eit mangfald av arbeider også i mindre format. Nokre av desse vil vera å sjå i utstillinga på Oseana.

Oppteken av geometri

Arne Ekeland var ein av forrige århundres mest betydelege norske kunstnarar.

– Han blei utdanna på Statens Kunstakademi under Axel Revold og var i heile sitt kunsteriske virke påverka av den form for geometrisk komposisjon og fargeholdning som han lærte der.

– Interessa for italiensk renessansemaleri kan nok også sporast tilbake til interessa for den geometriske oppbygginga av bilete. Men samstundes så var han også open for samtidens internasjonale tendenser og bearbeida impulsar frå både ekspresjonisme og surrealisme, i kombinasjon med renessansemaleri, til sitt eige personlege uttrykk, forklarar Holm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.