Sport | 25. mai 2015

Askøy rykker frå

Sprekere • No må vi komma oss ut. Fint turvêr måndag. Midtsiden inviterer til fellestur tysdag.

Askøy rykker frå
Sjølv om det regna blei det ein fin tur til Raudlio for Midtsiden-reaksjonen søndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 25. mai 2015 09:18

Måndag formiddag har Askøy gjort eit byks i kommunekampen mot Os. I skrivande stund ligg dei heile 2500 poeng foran oss (39 494 mot 36 993). Det kan vi ikkje ha noko av.

Gjennom pinsen har dei to laga lagt relativt jamnt med Os eit lite hakk foran. Måndag morgon har derimot Askøy gjort eit byks og rykka frå. Over 1200 personar er no med i kommunekampen. Askøy har 631 deltakarar, medan Os har 570.

No må vi ta ei økt for bygda!

Måndag er det spådd fint turvêr. Det skal letta utover dagen og bli mellom 8 og 10 grader, lettskya og opphald i følgje pent.no

– Vêret speler eigentleg ikkje noko rolle. Det er berre å klé seg, men det er klart det er kjekkare å gå når det er opphaldsvêr.

Her finn du ei rekkje turtips i kampen mot Askøy.

Bli med på tur

For å ta innpå Askøy inviterer Midtsiden til fellestur tysdag ettermiddag klokka 19.00.

Møt opp ved det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten.

Vi går strandvegen frå Kyrkjeflaten via Lyngheim og Solstrand mot Moldegaard.

Om vi held fram om Smievågen og Moldaneset tek vi som det kjem.

– Bli med oss på tur, vi kan ikkje la oss slå av askøyværingane, seier ein kamplysten Midtsiden-redaksjon.

Turen vil gå i rolig turtempo tilpassa deltakerane.

Slik er konkurransa:

Det konkurrerast i flest mogleg kilometer. Km gjerast om til poeng i konkurransa, og tur og løping vektast opp for å utjevna syklistane sitt fortrinn. Slik er vektinga:

1 km sykkel = 1 poeng, 1 km turgåing = 3 poeng, 1 km løping = 3 poeng

Du loggførar aktivitetar raskt og enkelt, anten på sprekere.no eller via treningsappane Endomondo, RunKeeper eller Strava. Loggføring kan gjerast på alle plattformer, web/pc, nettbrett eller mobil (sprekere.no i nettleser på mobil).

Registrer deg her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.