Åsmund Lien blei tildelt årets heiderspris under Hardanger Trebåtfestival i helga (foto: Oselvarverkstaden)

Åsmund Lien heidra i Hardanger

Kulturberar og tidlegare dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Åsmund Lien, blei tildelt heiderprisen under Hardanger Trebåtfestival i helga.

Av: Andris Hamre

Under den årvisse Hardanger Trebåtfestival i Nordheimsund i helga blei tidlegare leiar for Oselvarverkstaden, Åsmund Lien, tildelt årets heiderspris.

– Prisvinnaren har sikra og utvikla verkstaden i Os til å bli ein solid kunnskapsforvaltar for oselvaren og vestnorsk klinkbyggingstradisjon.

– Han dreiv verkstaden i meir enn 18 år med realistisk nøysemd og fagleg styrke, og var ein omgjengeleg nettverksbyggjar, heitte det i juryen si grunngjeving.

Sjå òg: På innsio: Oselvarverkstaden 

Del av verdsarva

Åsmund Lien, som gjekk av med pensjon i fjor sommar, var mellom anna ein av dei som sto bak søknaden om å få oselvaren og Oselvarverkstaden på UNESCO si liste over immatriell kulturarv.

Båten og båtbyggarkunsten var i desember i fjor den første i Norden som kom på den prestisjefylte lista.

Les òg: Oselvarverkstaden listeført hos UNESCO

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.