Lokal | 19. juni 2017

Astrid stiller ut på Drageset

Astrid Drageset opnar unik kunstutstilling i 3. etasje i Dragesetbygget under marknadsdagane.

Astrid stiller ut på Drageset
Sentrumsleiar William Lindborg gler seg over at Astrid Drageset opnar kunstutstilling midt i sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 19. juni 2017 10:30

Bildeserie:

Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
1 av 4
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)
Kunstutstilling med Astrid Drageset (foto: AH)

Det karakteristiske Dragesetbygget på torget i Os sentrum er i ferd med å få ei ansiktsløfting utvendig, men det er ikkje berre på utsida det skjer ting i det ærverdige signalbygget i sentrum.

Først flytta Lilleballong inn i andre høgda, og no blir det kunstutstilling i resten av dei ledige lokala.

Torsdag ettermiddag opnar nemleg Astrid Drageset separatutstilling i delar av andre etasje og heile tredjeetasjen i huset ho sjølv vaks opp i som lita jente.

– Då eg såg på lokalet fann eg ut at her var det berre å spa på, smiler Astrid Drageset når Midtsiden får ei eksklusiv førehandsvisning saman med sentrumsleiar William Lindborg.

– Det er utruleg stilig. Eg håper osingane finn vegen opp her, både under opning og i løpet av dei dagane utstillinga står her, skyt Lindborg inn.

Må nytta heisen

Utstillinga står fram til 2. juli, men har ein litt kronglete tilkomst.

– Folk må nemleg nytta heisen som er bak av hylla med varmretter på Jokeren og opp her, men det er ikkje noko problem vi skal sørgja for å få skilta slik at folk finn fram, forsikrar dei to.

Spennande med lys

Drageset stiller i hovudsak ut fargerike abstrakte målerier måla med egg og pigmenter for å få til strukturen, men har også med tre teikningar og tre akvareller.

– Teknikken eg nyttar gjer at dei tåler det litt rare lyset som er her oppe. Du veit dette er jo eigentleg ikkje eit galleri, så eg har nytta det lyset som er, men sjølv om eg slår det av, så klarer bileta seg fint med det naturlege lyset frå utsida.

Største ho har laga

Ein annan ting som går at i bileta til Drageset er at dei er i relativt store format. Dei fleste av bileta ho har med i utstillinga har blitt til i løpet av dei tre siste åra.

– Eg lager mykje stort, og til vanleg kan det vera litt vanskeleg å få plass til så store bileter, men her har eg kunne boltra meg og få prøvd ut masse idear.

– Eg har aldri hatt ei så stor utstililng før, fortel Drageset medan vi står i det luftige lokalet, som med bileta på vegen har fått ein heilt eigen ro over seg.

Skal guida sjølv

Utstillinga vil vera open alle dagar mellom 12 og 16, med unntak av måndagen.

– Du veit, vanlegvis er det jo ein gallerist som tek seg av å presentere utstillinga, men denne gangen må eg jo gjera den jobben sjølv. Eg kjem difor til å vera her når utstillinga er open og for å visa folk rundt. Eg gler meg til å møta publikum og håper spesielt at ungdomen kjem innom. Eg trur dei òg kan ha gleda av å sjå kunst, avsluttar kunstnaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.