Lokal | 28. juli 2015

ATV-ulykke på Lysøen

To skadd i ATV-ulykke på Lysøen. Flydd til Haukeland med luftambulansen.

ATV-ulykke på Lysøen
Ei ulykke med ein ATV og to personar inntraff på Lysøen tysdag ettermiddag (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. juli 2015 14:00

Tysdag ettermiddag skjedd ei ulykke med ein ATV på Lysøen.

– To personar er fløyet til Haukeland Sykehus, melder politiet på Twitter klokka 15.38.

Operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Tatiana Knappen opplyser at politibåten no er framme på staden og avhøyrer vitner.

Ulykka skal, etter det Midtsiden forstår, ha skjedd i området ved kaien nedanfor Ole Bull sin villa.

Dei første meldingane gjekk ut på at det var tre personar var involvert i ulykka. Dette har politiet korrigert til to.

Legen skadd

Til BT.no opplyser operasjonssentralen skal ha skjedd i samband med transport av ein pasient som hadde fått hjarteproblemer ute på øyen.

Legen og pasienten skal vera dei to skadde. Sjåføren av ATV-en skal ha kome uskadd frå ulykka.

Oppdatert kl 2013:

Helse Bergen fortel i ei pressestatus at kvinna (57) som hadde hjarteproblem er alvorleg skadd, medan legen, ein mann på 48 år er lettare skadd.

Sjukehuset gjev ikkje nærare opplysningar enn om pasientane er lettare, alvorleg eller kritisk skadd i desse nyheitsbulletinane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.