Lokal | 16. des. 2014

Åtvarar mot isete vegar

Lesarar melder om klink is fleire plassar i Os. Politiet åtvarar også mot svært glatte vegar.

Åtvarar mot isete vegar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. des. 2014 21:28

Etter ein ettermiddag med regn og sludd har det frose på fleire plassar i Hordaland, også i Os.

– Det byrja å frysa på for fire timar sidan og det er framleis klink is, fortel ein Midtsiden-lesar i 22-tida.

– Kjøreturen frå Kuventræ til Hjelle er noko av det drygaste eg har vore med på. Kjem du deg opp Finnebrekka i kveld så er det rein flaks, hevdar vedkomande.

Politiet sin operasjonssentral i Hordaland åtvarar mot glatte vegar.

– Vi har førebels ikkje fått inn meldingar om problem i trafikken i Os, men vi har patruljert ein del i kveld og det er ganske glatt enkelte stadar. Kjør varsamt, seier politibetjent Kjetil Hansen.

Os kommune, som har ansvar berre for dei kommunale vegane, har fått fleire telefonar i kveld.

– Mannskap er ute og strør og eg forstår at folk ringer. Men vêret pregar føret fleire plassar samtidig og strøing blir tatt etter fastsett plan, seier teknisk vakt.

Problem i trafikken? Send tips/bilde til Midtsiden på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.