Lokal | 24. juli 2014

Auka beredskap også i Os

Grunna fare for terrorangrep i Noreg er politiet i auka beredskap, også i Os.

Auka beredskap også i Os
Konstituert lensmann i Os, Audun Hadler-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kine Evensentorsdag 24. juli 2014 12:05

«Væpna politi er i beredskap over heile Noreg», skriv VG.no etter at PST nyleg mottok informasjon om planar om planlagt terrorangrep i Noreg i nær framtid.

Hordaland politidistrikt opplyser at dei har kalt tilbake mannskap frå ferie for å auka beredskapen i vest, blant anna Tall Ship Races i Bergen vil oppleva auka mengde politi i sentrum og ved arrangementsstadane.

– Det betyr også auka patruljering av politi på trafikale knutepunkt som flyplass, tog- og busstasjonar, opplyser politimeister Geir Gudmundsen i ei pressemelding.

Ved Os lensmannskontor fortel konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen om auka vakt og beredskap også i Os.

– Er ferjekaiane på Halhjem og Hatvik område der det blir gjort ein eigen innsats?

– Eg vil ikkje fortelja om konkrete tiltak eller område, men vi har kalt tilbake delar av styrken vår frå ferie og har både auka vakt, beredskap og patruljering. Politiet blir meir synleg i Os i dagane som kjem, stadfestar Hadler-Olsen.

Han viser dessutan til råd frå politiet i samband med trusselvurderinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.