Kultur | 18. juli 2014

Auka billettsal til Osfest

I dag er det to veker til festivalstart, i går gjorde billettsalet eit byks og Osfest har no selt ein tredel av det som må til.

Auka billettsal til Osfest
Initiativtakarane: Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland ved festivalområdet i Os sentrum. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juli 2014 12:39

– Vi har selt billettar dagleg dei siste vekene, men i går blei det selt ekstra mange og trenden ser ut til å halda fram i dag, seier Tor Egil Hylland frå Osfest AS.

– Vi hadde ikkje trudd at opptrappinga av billettsalet skulle starta før ut i neste veke, der er jo framleis to veker til start. Men vi er naturlegvis glad for at det aukar på og det er ein fordel for både oss og gjestane at folk sikrar seg billettar og pass i god tid. Då blir det mindre kø festivaldagane.

Os kommune har kjøpt eitt cruise med MS Midthordland, sponsorcruiset er nesten fullt og det er selt billetar til alle dei andre cruisa.

Bør ha 2 x 1000

Sjølv om arrangørane nok håper på høgare tal, er smertegrensa ganske låg for festivalen, som er ny i år.

– Vi treng rundt 80 prosent belegg på cruisa med MS Midthordland og i tillegg cirka 1000 per kveld på festivalplassen.

– Det kjem jo også inntekter på sal av drikke og mat, men vi veit naturlegvis ikkje kor mykje dette vil utgjera.

Rundt 1/3 er selt

Hylland sat i skrivande stund ikkje på oppdaterte tal, men seier rundt 1000 billettar er selt.

Av desse er ein god del cruisebillettar, så rundt 1/3 av dei 2000 som er selt til festivalkveldane på land er i boks.

Ungar under 13 år kjem gratis inn.

God respons i Fana

Torsdag var Osfest med stand på Lagunen, frå 11 om formidagen til klokka 20 på kvelden.

– Det gav god respons, ikkje berre i form av at mange ville ha flyers og informasjon, men det var allereie fleire forbipasserande som sa at dei hadde billett og hadde plan om å koma.

Sponsor og samarbeidspartnar Os Taxi har, i tillegg til at dei stiller med full bemanning denne helga, skaffa bussar som skal gå i skytteltrafikk mellom Os og Nesttun på natta.

– Når det berre er ein knapp halvtime frå Bergen til Os rettar vi oss også mot nabokommunane og håper på godt besøk både sjøvegen og frå fastlandet.

Kardemomme by har selt 60

Som del av Osfest har Oseana sett opp Kardemomme by ved Fyllingen Teater laurdag 2. august.

– Vi har rekna med cirka 100 gjestar og har plan om å ta det utandørs, seier Astrid Heggland frå Oseana.

– Men blir det veldig mange, eller om det kjem regn, så blir det innandørs.

Til no er det selt 60 billettar. Oseanasalen har plass til cirka 500 i amfi.

Les òg: Éin inn og to ut - her er Osfest-programmet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.