Lokal | 10. aug. 2017

Auka elevtal ved Os Gymnas

– Om osingar med plass i Bergen ombestemmer seg, er det greit å ha nokre ledige plassar å by på, seier rektor.

Auka elevtal ved Os Gymnas
Os Gymnas. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. aug. 2017 08:27

Tredje og siste inntaksomgang før skuleåret 2017-2018 var tysdag 8. august.

• Les òg: 280 på venteliste ved Os vgs

Ved Os Gymnas var det 80 elevar som var russ i vår og 84 nye elevar som kjem inn på VG1 no i haust.

– Vi har plass til inntil 30 elevar per klasse, fortel rektor Trond Eikeland.

Flest elevar på VG3

Gymnaset har tre klassar per trinn.

Sånn er elevtalet ved Os Gymnas per 10. august:
VG1: 3 x 28 (84)
VG2: 3 x 26 (78)
VG3: 3 x 29 (87)

Gjer retrett frå skular i Bergen

Eikeland synest det er greit å ha noko ledig plass, då har skulen sjanse til å hjelpa elevar som eventuelt vil til Os tett på eller etter skulestart.

– I fjor tok vi inn 5 elevar til VG2 etter skulestart. I hovudsak plar det vera elevar frå Os som har fått plass på skular i Bergen, men som opplever at det å bruka to timar per dag i reise blir mykje.

– Vi prøver å vera fleksible, og det har hendt at vi har tatt inn elevar både i september og oktober.

Spansk - berre for vidaregåande

Nytt ved skule før skulestart for eit år sidan var at spansk 1 + 2 var skifta ut med tysk som andre framandspråk.

– For dei som ikkje har hatt andre framandspråk på ungdomsskulen, blei det vanskeleg med tre år med spansk. Statistikk viser at tysk gir betre karaktersnitt og lågare strykprosent, derfor skifta vi.

Dei som går VG3, og for tre år sidan starta på spansk, får naturlegvis fullføra språket, og har spansk i år òg.

Samtidig presiserer rektor at skulen held fram med å undervisa i spansk, men berre på nivå 2, altså for dei som har hatt spansk frå ungdomsskulen av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.