Kaare Songstad (t.h.), her saman med lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal. (Arkivfoto: Andris Hamre)

Auka tillit til Vest politidistrikt

– Eg er glad for at det no ser ut som om vi er på rett veg igjen! seier politimester Kaare Songstad.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vest politidistrikt offentleggjer i dag resultatet av innbyggjarundersøkinga i 2017.

Om undersøkinga:
Undersøkinga er gjort av Ipsos MMI i perioden 6/9 og 9/10 2017.
370 personar har svart i Vest politidistrikt. Relevant feilmargin ligger mellom 2,3 og 5,2 %.

79 % av dei spurte i Vest politidistrikt seier i årets innbyggjarundersøking at dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er ein auke frå førre undersøking. På landsbasis er det 83 % av dei spurte som har stor og ganske stor tillit til politiet, også dette ein oppgang frå i fjor.

Innbyggjarane føler seg også trygge der dei bur og ferdast.

95 % seier dei føler seg svært eller ganske trygg. Dei er også i liten grad bekymra for å bli utsatt for ulike hendingar, med unntak av i trafikken og på nett -som svindel, identitetstjuveri eller trakassering.

Innbyggjarane gir jamt over ei meir positiv tilbakemelding til politidistriktet i denne runde enn ved førre korsveg. Dei gjer og uttrykk for at dei har større tiltru til politiet si evne til å handtera saker med svindel, trakassering og seksuelle overgrep på nett.

Tilgjengeleg og rask

Folks inntrykk av at politiet kjem raskt til åstaden etter eit valdsbrotsverk har òg blitt betre. 61 % har eit godt eller svært godt inntrykk. 7 % har eit dårleg inntrykk på dette feltet, mot 21 % ved førre måling.

53 % er einig i at politiet i Vest kjem raskt til staden ved akutt behov for hjelp. Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet og er i regelmessig kontakt med innbyggjarane har gått litt opp igjen, både i Vest og for landsgjennomsnittet. Samstundes seier 76 % at det er lett å koma i kontakt med politiet.

– Eg er glad for at det no ser ut som om vi er på rett veg igjen! seier politimester Kaare Songstad i ei pressemelding i dag.

Har meir å jobba med

– Vi har i nokre år vore nedst på lista og ikkje klart å visa innbyggjarane kva vi er gode for. Derfor er det godt å sjå framgang på fleire områder i årets undersøking. Eg er ikkje nøgd med å leia eit politidistrikt som skårar under landsgjennomsnittet. Mine ambisjonar på vegne av Vest politidistrikt er større. Vi må halda fram med å jobba og ha kvalitet på det vi gjer, og slik visa innbyggjarane at vi har kompetanse og ressursar til å levera god polititeneste på alle felt.

– Tilliten til Vest politidistrikt har blitt svekka som følgje av fleire varslingssaker dei siste åra. Etter Monika-saken tok vi grep og var det første politidistriktet som oppretta eit system for varsling, og eg oppmoda medarbeidarar om å melda frå om kritikkverdige forhold. Vi jobbar med å få ein meir open kultur internt slik at desse sakene kan diskuterast og eventuelt rettast opp før ein kjem så langt som til eit varsel, seier politimester Songstad.

– Vi håper at arbeidet vårt på dette området vil styrka tilliten til politiet ytterligare.

– Politiet er midt i ein reform og det er viktig å bevisa at vi kan levera kvalitet i våre tenester. Til no har det vore mest snakk om organisering i politireforma. Eg gler meg til å sjå resultat av nye arbeidsmetodar og bygging av sterkare kompetansemiljø. Samstundes skal vi være på plass når det er behov for oss, anten det er på nettet eller på vegen.