Lokal | 29. sep. 2016

Aukande bølgjehøgder i Os hamn

Ein ny runde med sterk vind og mykje nedbør seglar no inn over Os, men det skal letta til kvelden.

Aukande bølgjehøgder i Os hamn
Mens tidevatnet er på veg ned er bølgjehøgda aukande i Os hamn. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. sep. 2016 12:30

Bildeserie:

I 12-tida kunne du sjå uvêret på veg inn mot land. (Foto: KVB)
I 12-tida kunne du sjå uvêret på veg inn mot land. (Foto: KVB)
I 14-tida såg hamna sånn ut. (Foto: KVB)
I 14-tida såg hamna sånn ut. (Foto: KVB)
Vindstyrken skal løya frå 15 til 7 m/s i kveld. (Foto: KVB)
Vindstyrken skal løya frå 15 til 7 m/s i kveld. (Foto: KVB)
Bølgjene slår opp gjennom gjestebrygga trass fjære sjø. (Foto: KVB)
Bølgjene slår opp gjennom gjestebrygga trass fjære sjø. (Foto: KVB)
1 av 4

Torsdag i 12-tida kunne vi sjå uvêret på veg inn mot Os sentrum, i 14-tida sto bølgjene over kaien ved Peppes Pizza.

Det var full flo og ekstra høg flo klokka 10.38, ellers ville det sett våtare ut i Os hamn nett no. Det er flo igjen klokka 22.51, men då skal vinden ha løya frå 15 til 7 m/s.

Ifølgje Pent.no skal det letta i 20-tida i kveld. Også fredag er det meldt vind på over 10 m/s og nedbør, mens det skal letta og bli nesten vindstille laurdag.

Ferja til Austevoll er innstilt grunna vindstyrken, Nordhordlansbrua har vore stengt grunna eit vogntog med problem og vindstyrken er venta å halda seg oppe nokre timar til.

I Os har det førebels ikkje kome varsel om problem i trafikken.

Har du tips eller bilde? Send til 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.