Kultur | 26. feb. 2015

Aurora slepp musikkvideo

«Runaway», Aurora Aksnes sin siste singel, har kome med musikkvideo. Videoen er spelt inn blant anna heime i Lysefjorden. Sjå den her.

Aurora slepp musikkvideo
Aurora Aksnes, her på scenen i Oseana for halvanna veke sidan (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. feb. 2015 15:47

Torsdag sleppte Aurora Aksnes frå Lysefjorden sin første musikkvideo, sjølv om det ikkje er det ho sjølv definerer den som.

– Den er meint som promo, så den har eigentleg inga større meining. Heile poenget var at den skulle bli fin og rar, og at folk skal få eit inntrykk av meg som artist.

– Det blir nok rarare etter kvart som eg lager ein ordentleg musikkvideo, fortel Aurora Aksnes til Dagbladet via telefon fra Berlin.

Videoen har blitt spelt inn i Bergen og heime i hagen hos familien Aksnes på Drange i Lysefjorden.

SJÅ VIDEOEN NEDST I ARTIKKELEN

Frå Os til London og Berlin

For berre halvanna veke sidan leverte Aurora ein fantastisk konsert heime på Oseana.

Etter det har ho rekt å gjera spelejobbar i London og no i Berlin, kor ho i kveld spelar for spesielt inviterte, før ho i morgon står på scenen for vanleg publikum.

- Det er kjemperart. Eg hadde aldri trudd noko slikt ville skje. Først er det jo moglegheiten til å få opptre i utlandet, men at det faktisk kjem folk er stort.

– Det er mykje skumlare å opptre i utlandet enn i Noreg, seier Aurora i intervjuet med Dagbladet.

Produksjonen av videoen har gått radig.

Dei siste scenene blei spelt inn same dagen som Midtsiden møtte Aurora for intervju før konserten her heime.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.