Sport | 04. juli 2017

Austevoll-kaptein blei Os-spelar

Han spelte opprykk-kamp mot Os i 2009. I går debuterte Alexander Dale i gult og svart.

Austevoll-kaptein blei Os-spelar
Alexander Dale debuerte for Os i 2-1-siger over Aalesund 2 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. juli 2017 08:47

Os signerte i førre veke ein ny spelar, Alexander Dale frå Austevoll.

Dale, som fyller 28 år i desember, har vakse opp i Austevoll Idrettsklubb og har 123 kampar for A-laget, den siste tida som kaptein.

– Han er rutinert og han kan brukast både som midtstoppar og som sentral midtbane. Vi er veldig glade for at han kom til oss då han først såg etter ny klubb, seier Hassan El Fakiri.

Debuten kom i 2-1-sigeren over Aalesund 2 i går.

Frå 2. til 4. divisjon

Alexander har erfaring frå både 2. og 3. divisjon med Austevoll.

Austevoll hamna i fjor på 7. plass i same avdeling som Os berga 4. plass og spel i 3. divisjon (Os slo Austevoll 4-0 heime og 1-0 borte i fjor).

Austevoll ligg no nest nedst på tabellen i 4. divisjon.

– Eg var med på nokre treningar på Kuventræ i vår, og likte både trenarane og miljøet veldig godt, seier den tidlegare, og nye, lagkameraten til Os-kaptein Marius Mikkelsen.

Han spelte nokre kampar for Austevoll i vår, men har no terminert kontrakten og skrive ny med Os.

Dale var motstandar med Os i fjor, og har vore så lenge i seniorfotballen at han òg spelte den eine av dei to opprykkskampane i 2009, då Austevoll slo Os heime, men Os vann på Kuventræ og rykte opp til 2. divisjon.

Målgjevande pasning i debuten

I debuten for Os i går starta Dale som midtstoppar, men då Mikkelsen blei skadd i foten og måtte ut i 1. omgang, kom Ole Martin Lekven Kolskogen inn i midtforsvaret, så Dale òg fekk vist seg på sentral midtbane.

Der hadde han målgjevande pasning til Christoffer Hafsås si avgjerande 2-1-skåring i 50. minutt.

– Eg synest Alexander hadde ein fin debut! Han er duellsterk, men er også teknisk og spelande, noko vi såg i går, og som vi vil sjå meir av når han blir endå betre kjent med laget og spelestilen, seier El Fakiri, som bytte seg sjølv inn for Dale i i 72. minutt.

– Eg trur vi vil ha mykje glede og nytte av å ha Alexander med oss, det ser allereie ut som om han glir rett inn i miljøet på laget, seier El Fakiri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.