Sport | 01. mars 2015

Austevollingane skåra kvar sitt

Marius Mikkelsen og Kristoffer Østervold sørgja i dag for at Os tok styringa over Fana i Vestlandshallen.

Austevollingane skåra kvar sitt
Marius (t.v.) og Kristoffer, to av Os sine nye spelarar, skåra kvar sitt mål mot Fana i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2015 19:06

Søndag spelte Os treningskamp mot Fana i Vestlandshallen.

Motstandaren frå divisjonen over tok leiinga, men så overtok Os.

– Dette var årsbeste av oss, trass i at vi har rundt sju spelarar ute som ville ha kjempa hardt om plass i startellevaren i dag, seier fjorårstoppskårar Erik Kanestrøm.

Sjølv skåra han ingen, men han gler seg over at dei to nye lagkameratane fekk kvar sine nettkjenningar.

– Vi hadde styringa før pause og ungdomane som erstatta mange av oss i 2. omgang klarte seg også ganske bra, synest han.

Fana - Os 4-2 (1-2)
Målskårarar, Os: Marius Mikkelsen og Kristoffer Østervold.

1-1 kom etter innlegg av Krossøy. Mikkelsen kom på skrått for mål og utlikna for Os.

1-2 blei sett inn på eit flott frispark av Østervold.

Os (4-3-3): Kasper Færøvik - Aleksander Lindkvist, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy - Adrian Valle, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm - Aksel Skaar, Kristoffer Østervold og Sander Kvittingen.

Innbytarar med speletid: Mats Lepsøy, Håkon Kvittingen, Emilis Zilinskas, Emil Halver, Kristoffer Hevrøy, Torgeir Lunde og Steffen Ljosheim.

Dei to austevollingane, Kristoffer som blei toppskårar i 4. divisjon i fjor, og Marius som kom til Os frå Øystese, har kome godt inn i gruppa, også privat.

– Dei bur og studerer i Bergen, som eg og fleire andre på laget gjer. Vi kjører til trening saman og er ofte saman på fritida. Både sportsleg og sosialt er dei ein fin tilvekst, meiner Kanestrøm.

Kanestrøm er også svært nøgd med trenardioen El Fakiri og Håland.

– Dei skaper eit enormt trøkk på trening. Det var bra i fjor òg, men vi har nok aldri trent så godt som denne vinteren.

Dette var Os sin siste treningskamp før treningsleiren på Kypros i midten av mars og første NM-kvalik med det same dei er heime igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.