Kultur | 07. des. 2013

Avlyser Vamp-konserten

Kveldens utselte Vamp-konsert i Oseana blir avlyst.

Avlyser Vamp-konserten
Vamp skulle spelt for fullsett Oseana i kveld, men må avlysa. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. des. 2013 11:04

– For ein halvtime sidan ringte managementet meg for å førehandsbestilla transport.

– For fem minutt sidan ringte bandet meg sjølv for å fortelja at dei måtte avlysa, fortel Berit Steen.

Årsaka til avlysinga er dødsfall i nær familie til eit bandmedlem.

Får pengane tilbake

Vamp-konserten har vore utselt i lang tid, og Steen er svært lei seg for å skuffa ein fullsett sal.

– Men eg forstår at bandet ikkje kan gå på scenen i dag, og det trur eg publikum også gjer.

– Alle som har kjøpt billett får desse refundert, ta kontakt med oss over helga så ordnar vi det.

Vamp seier dei snart vil tilbake til Oseana, så ny sjanse kjem til å by seg om ikkje så lenge.

Restauranten held open

Mange har også bestilt middag i Oseana Restaurant og Kafé i samband med konserten.

– Restauranten held open trass i avlyst konsert. Eg håper dei som har bestilt likevel vil koma og nyta maten.

– Men vi klarer dessverre ikkje få eit reserve-band inn på kort varsel. I staden blir det noko tidlegare tilgang til lokalet for Monster, som skal rigga til Norske Talenter-audition søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.