Kultur | 19. nov. 2014

Avrundar i Oseana

VIDEO: Som ei avslutting på musikkfaget inviterer 10. klassingar til framsyninga Sing Sing Sing i Oseana onsdag kveld.

Kari M. Lyssandonsdag 19. nov. 2014 14:12

Bildeserie:

Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
1 av 3
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)
Sing Sing Sing 19.11.14. (Foto:KML)

Det er hektisk øving dei siste minuttane før generalprøven på framsyninga Sing Sing Sing, ei framsyning elevane ved Nore Neset ungdomsskule har jobba med sidan skulestart i haust.

– Dette er siste del før dei er ferdig med musikkfaget på skulen, fortel musikklærar Terje Neset, som saman med kona Anne Leni Søfteland har vore med å setja i saman framsyninga.

Showet består av både musikk, dans, enkeltnummer og fellesnummer.

– Det er eit felles kor, medan nokon har dansenummer og syng solo og nokon har instrument dei speler på.

– Dei er veldig ivrige

Neset fortel at han har vore med på desse forestillingane i sikkert 10-15 år og tykkjer det er veldig kjekt.

– Eg prøver å gje musikk praktisk innhald og det overordna målet er at dei skal bli glade i musikk.

– Elevane har vore med å setta saman repotoaret og dei er veldig ivrige og entusiastiske.

Her får ein oppleva alt får Mozart til Queen og til meir moderne musikk som Sam Smith og A great big world.

Under kan ein sjå video frå generalprøven av Sing Sing Sing.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.