Lokal | 22. juli 2014

Avskilting og snoking i hage

Tørrkoking, avskilting av tre bilar og folk som hadde uvedkomande i hagen sin er blant det politi og brannvesen fekk melding om i går.

Avskilting og snoking i hage
(Ill. foto: AH)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juli 2014 07:11

Måndag i 16-tida rykte brannvesenet ut på ein automatisk alarm i Gymnasvegen.

– Matlaging var årsaka til at varslaren slo seg ut, fortel konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen.

Politiet var i går på fotpatrulje ulike stadar og på fleire brygger i Os i går, utan å finna noko å reagera på.

– Det er litt rolege dagar i varmen, men eit yrande liv i hamnene i Os.

I trafikken fekk politiet litt å ta tak i.

Tre bilar som står på lista for kjøretøy som skal avregistrerast blei funnen og avskilta.

I 22-tida måndag kveld fekk politiet melding om snoking i ein hage på Gudriflaten.

– Dei som bur der hadde tatt ein mann som gjekk og såg i hagen deira. Det viste seg at vedkomande er ein kjenning av politiet.

– Kva ærend han hadde der er uvisst, men han blei sendt i marsj frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.