
I julestemning, f.v.: Terje Olsen, Odd Sigurd Hansen, Gerda Bøe, Arne Valle og Gro Heggland Valle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Avslutta 2011 på banen
Det blei fulle deltakarlister då Bjørnefjorden Golfklubb fredag midt på dagen fann forholda gode nok til å arrangera nyttårsturnering.
– Vi hadde 44 deltakarar, så dette blei ein kjempedag, seier head greenkeeper Per-Ove Bahus Lysvold.
Litt hard bakke og litt kalde fingrar blei det, men nøgde spelarar kom inn igjen til klubbhuset etter ni hol.
– Eg gjekk saman med den eldste sonen min, Håkon, som speler på juniorlaget til klubben. Vi har hatt ein kjemperunde, seier Anders Grøtting-Simonsen.
I klubbhuset venta gløggservering og premieutdeling.
1. plass: Steinar Stølsnes og sonen Jarle (13). Sonen Vidar (10) var med som avstandsmålar.
2. plass: Jan Andersen og Per Lundby
3. plass: Ekteparet Lunde
– Dette var stas! seier Jan Andersen.
Han hadde med seg kameraten Per Lundby, som spelte nyttårsturnering for første gong.
– Då er det ikkje verst med 2. plass, meiner Jan.
I tillegg vann dei to kvar si flaske i vinlotteriet.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no