Sport | 27. juni 2017

Avslutta vårsesongen med kvar sin 2. plass

Full klaff for søskenparet Kristian og Karoline.

Avslutta vårsesongen med kvar sin 2. plass
Kristian og Karoline med pokalane dei vann i helga. Neste løp er i august. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juni 2017 18:55

Karoline Breivik og Kristian Breivik Gjøen køyrde i helga andre runde i vestlandsmeisterskapen.

– Dette blei ei kanonhelg for begge to! Vêret var ikkje bra, men resultata er vi veldig nøgde med, seier Karoline.

Ho køyrde seks innleiande rundar, og det gjekk betre og betre for kvar omgang.

– Vi var tre bilar i klassen, men køyrde saman med dei under 2,4 liter, så vi var totalt åtte rallycrossbilar. Eg fekk andre spor i A-finalen og enda på 2. plass.

Kristian på 3. plass samanlagt

Også Kristian køyrde seks innleiande omgangar. Han vann tre heat, fekk to andreplassar og eitt stopp då bilen ikkje ville starta.

I A-finalen fekk han tredjesporet og klatra til 2. plass.

Karoline ligg på 2. plass samanlagt av fire bilar, Kristian ligg på 3. plass av 20 deltakarar i bilcross junior.

No er det sommarferie for søsksenparet. Kristian sitt neste løp er landsfinalen på Hamar 5. august, Karoline sitt neste er NM-runden på Melhus i Trondheim 19. og 20. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.