
Christer Olsen si avgjerande skåring mot Austevoll i opprykkskamp til 2. divisjon i 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Avsluttar mot Austevoll
I midten av november kom puljeinndelinga.
Les òg: Motstandarane i 2012
No er utkastet til serieoppsettet klart.
– Det blir få og små endringar, om det i det heile tatt blir nokre endringar. Så det går mot seriestart mot Bjarg og serieavslutning mot Austevoll, begge på heimebane, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
Førre Os-trenar, Øyvind Steffensen, har blitt assistenttrenar for Bjarg.
– Vi spelte jamt mot Bjarg i treningskamp i fjor, men Bjarg bør absolutt vera eit lag vi skal slå på heimebane den komande sesongen.
Nytt, avgjerande strileoppgjer?
Tim seier Os kjem til å trena som eit 2. divisjonslag, for å bli eit 2. divisjonslag.
– Speler vi korta våre rett, og Austevoll har appetit på comeback i 2. divisjon, kan vi med andre ord få ein avgjerande heimekamp mot Austevoll i siste runde. Akkurat som då vi spelte og vann kvalik mot Austevoll i 2009.
Det blir ikkje lenger spelt kvalifiseringskampar i 3. divisjon på same måte som før, avdelingsvinnaren rykker direkte opp.
Bjarg og Stavanger først
Os opnar 2012-serien med heimekamp mot Bjarg laurdag 14. april klokka 16.00.
Neste kamp blir borte mot Åkra, så ventar Stavanger heime 28. april.
Stavanger var eit satsingslag då Os overraska med å slå dei grundig tidleg på sesongen i 2. divisjon i 2007.
– Sidan har situasjonen endra seg ein del for begge klubbane, kanskje mest for Stavanger, seier Sperrevik.
Siste heimekamp før sommarferien går mot Tertnes 23. juni. Veka etter, 30. juni, blir det bortekamp mot Austevoll i siste runde i vårsesongen.
Møter Fyllingsdalen og Nest-Sotra
Fram mot seriestart vil Os ha treningssamling siste helga i kvar månad, og på desse samlingane ha treningskamp som økt nummer to om laurdagen.
Første treningskamp blir mot Bergen Nord 28. januar. Tore Nielsen, som no har kome tilbake til Os som assistenttrenar, rykte i år opp til 3. divisjon som hovudtrenar for Bergen Nord.
Laurdag 25. februar står 2. divisjonslaget Nest-Sotra for tur, i mars møter Os tidlegare Løv-Ham sitt førstelag, no samanslått med Fyllingen, altså Fyllingsdalen, til treningskamp på Kuventræ.
– Vi kjører alle treningskampane på heimebane denne vinteren, og har valt å bryna oss på gode lag, seier Tim Henrik.
I tillegg til desse tre skal Os også møta Øystese og Årdal i treningskampane i vinter.
Her er avdelinga til Os (3 div avd 7) 2012:
(Plassering i 2011 i parantes)
Arna-Bjørnar (6. plass avd 8)
Austevoll (ned frå 2. div)
Avaldsnes (opp frå 4. divi)
Bjarg (2. plass avd 8)
Haugesund 2 (9. plass avd 7)
Kopervik (5. plass avd 7)
Os (7. plass avd 7)
Sandnes Ulf 2 (7. plass avd 6)
Skjold (11. plass avd 7)
Stavanger (5. plass avd 6)
Stord (4. plass avd 7)
Tertnes (7. plass avd 7)
Varegg (opp frå 4. div)
Åkra (8. plass avd 7)
Fullt kampoppsett kjem når utkastet er endeleg godkjent.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no