Sport | 13. okt. 2016

Både Os og Lysekloster kan «rykka opp»

Kommentar: Med offensiv haldning kan begge dei beste laga i Os spela i tøffare divisjonar neste sesong.

Både Os og Lysekloster kan «rykka opp»
Med fokus som om det var snakk om opprykk, kan leiinga i både Os og Lysekloster skapa jubelscenar i dei siste to rundane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. okt. 2016 10:20

Kampen om å halda seg i divisjonen har lagt eit nervøst teppe over både Kuventræ og Framo Lysekloster idrettspark.

Laurdag var nervetrådane nesten synlege på og rundt banen då Lysekloster tapte 0-1 for Vard Haugesund. No er dei avhengige av andre for å koma på topp 7 og berga plassen i 2. divisjon.

Os tapte 3-1 borte for Varegg, men såg ut til å få hjelp av Austevoll. No er det stadfesta at Bjarg sin klage på Austevoll sin bruk av spelar med karantene er tatt omsyn til. Os klarer seg truleg ikkje med berre tre poeng på dei to siste rundane.

Både Os og Lysekloster er tent med ei offensiv innstilling til dei to neste rundane.

Lysekloster er eit opprykkslag og dei er sterke når dei er pressa, noko dei blant anna viste i den avgjerande serieavslutninga borte mot Bjarg i ausande regn for eit år siden.

Os er ikkje god på nedrykkskampar, det viste dei i 2008 og i 2010, det blei retur til 3. divisjon på hausten. Men Os er sterke når dei kjempar om opprykk, som mot Hovding i 2006 og mot Austevoll i 2009.

For begge lag handlar det no på mange måtar om eit opprykk, begge divisjonane blir langt tøffare neste år.

Om Os klarer 4. plassen speler dei neste år i ein langt tøffare 3. divisjon enn i år. Også i 2010 blei 3. divisjon skjerpa, då var det Os 2 som berga plassen i 3. divisjon (men måtte ned til 4. divisjon då førstelaget rykte ned frå andre).

Lysekloster har uansett hatt ein god debut i 2. divisjon.

Om dei kjem på topp 7 så speler dei neste år i ein PostNord-liga som er halvert frå 4 til 2 avdelingar!

Status - Lysekloster

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, fortel at han er nøgd med poengfangsten, men ikkje nøgd med sesongen med mindre laget held seg. Han seier det har vore ein nervepirrande sesong for både Lysekloster og andre klubbar han har snakka med, alt har handla om å halda seg.

Lysekloster må klara seg utan Helland og Sjømælingen i neste runde, då dei må sona karantene. Sigve Rørstad er framleis skadd, med Sindre Flaa er tilbake og Zhubi blir kanskje òg klar.

Etter tapet laurdag fekk Lysekloster litt hjelp av Fyllingsdalen, som slo Vålerenga 2 søndag.Lysekloster møter to svakare lag i dei to siste rundane, Frigg (12. plass) borte og Førde (14. plass) heime.

Vålerenga 2 møter Stord (11. plass) og Egersund (3. plass). Med hjelp frå Stord kan siste runde bli ekstra spennande. Fana møter Vard, men skal avslutta mot Frigg.

Men 6 poeng åleine er ikkje nok, Lysekloster har svak målforskjell, -17, og har på målforskjell berre håp om å ta igjen Vidar (-9), om Vidar taper for både Fyllingsdalen og Stord.

Desse ligg rundt topp 7:
4. Vard Haugesund 36 poeng
5. Vidar 36 poeng
6. Fana 35 poeng
7. Vålerenga 2 33 poeng
8. Fyllingsdalen 31 poeng
9. Lysekloster 30 poeng
PostNord-ligaen avd 3

Status - Os

Os-trenar Hassan El Fakiri merkar det aukande presset, men seier både han og gutane er klar over at alt framleis er opp til eigne prestasjonar.

Os må klara seg utan Christoffer Hafsås, som kanskje blir klar til Sotra-kampen, og keeper Andrew Todd, som skadde seg i Varegg-kampen. Også El Fakiri er usikker til den viktige kampen laurdag.

Om Os slår Bjarg heime laurdag (kl 16) og Sotra borte laurdag om ei veke så tar dei 4. plassen.

Om Åsane 2 avgir poeng mot Brann 2 eller Vestsiden-Askøy vil Os klara seg med 4 poeng på dei to kampane. Om Bjarg samtidig avgir poeng mot Tertnes i sin sisterunde vil Os klara seg med tre poeng.

Desse kjempar om 4. plassen:
4. Bjarg, 37 poeng
5. Os, 36 poeng
6. Åsane 2 35 poeng
3. divisjon avdeling 7
Os har +17 i målforskjell, Bjarg og Åsane 2 har 8 og 9.

Dei tre laga sine to siste kampar:
15/10 Os - Bjarg
22/10 Sotra (2. plass) - Os
15/10 Brann 2 (1. plass) - Åsane 2
22/10 Åsane 2 - Vestsiden Askøy (10. plass)
15/10 Os - Bjarg
22/10 Bjarg - Tertnes (8. plass)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.