Bajazz - Lekerommet

Barnekonsert om kyllingen som ikkje kunne synge!

Bajazz er Bergen Jazzforum sin populære konsertserie for barn og barnefamiliar. Målgruppa er frå spedbarn til ti år, og vi har som intensjon å tilby musikkopplevingar med kvalitetsmusikk for unge. Musikarane er profesjonelle, og legg vekt på ein open og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz har blitt gjennomført på USF Verftet i Bergen i over ti år, og i 2017 går turen til Oseana. Vi håpar å sjå mange store og små den fyrste laurdagen i kvar månad på Bajazz-konsert! Sjå arrangementsoversikta vår for å finne øvrige datoar våren 2017, i alt fire konsertar. 
 
 Kyllingen som ikke kunne synge av Lekerommet
«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelte kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje.
Lekerommet lagar framsyningar for barn og familiar, og alle har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiane og musikken er sjølvskrivne med mål om å skape dansbar, sangbar og spennande ny musikk for barn. Suksessprosjektet er i ferd med å bli dokumentert på plate – vonleg i tide til at publikum kan ta med seg eit eksemplar heim etter konserten. 
 
KAROLINE WALLACE vokal, synth  
PETTER ASBJØRNSEN kontrabass  
HÅVARD FUNDERUD trombone, synth, diverse 
 
Varer omlag 40 min. 
Ord.bill: 100,- 
BT Fordel: 80,- 
Barn under 2 år: gratis
 
Følg også gjerne vårt Facebook- arrangement!
 

Lørdag, april 1, 2017 - 13:00