Sport | 11. apr. 2012

Balansert sportsmesse

Foredrag, nye utstillarar og oppvising av osingar er blant det Fritt & Vilt har å by på til helga.

Balansert sportsmesse
Frå messa i fjor: Indo board er blant det du kan prøva på Fritt og Vilt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. apr. 2012 20:25

Til helga er det kulturmønstring i Grieghallen, der tolv osingar er blant dei som skal visa kva dei har å by på.

Men det er ikkje berre kultur osingane eksporterer til Bergen denne helga, frå fredag til søndag skal Jan Frode Skeie og resten av MX Sport arrangera Fritt og Vilt for fjerde gong.

– Mykje er som før, med gratis inngang, mange aktivitetar på uteplassen, rundt 60 utstillarar og eit rikt tilbod av sportsvarer - også av den sorten få bergensarar har sett før, seier Skeie.

– Men det er også ein del nytt, som det store Brann-showet laurdagen og nye utstillarar som blant anna byr på el-gir for sykkel og verdas lettaste 3-mannstelt.

Prat med ein polfarar

Helsport, som har med seg verdas lettaste 3-mannstelt, har også fått testa utstyret sitt av polfarar Aleksander Gamme. Gamme kjem til messa for å halda foredrag.

Shimano har med seg sykkel på bukk, der du kan prøva ei ny vare berre testa av toppsyklistar til no; el-gir for sykkel.

Gest, Muz og Brann

– Os Swingklubb hadde flotte oppvisingar hos oss på messa i fjor, også i år stiller dei opp, laurdag og søndag.

– Vi er også spente på SK Brann sitt opplegg. MX Sport har inngått tett samarbeid med Brann i forkant av årets sesong og på messa kjem dei med sitt kjente, store show, der dei har med Ove Thue, Gest og Piddi, Muz og Mors Rebeller - og fleire Brann-spelarar om laurdagen som oppvarming til søndagens kamp mot Strømsgodset, seier Skeie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.